Voltaire, eigentleg François-Marie Arouet, (21.
november 1694–30. mai 1778) var ein fransk forfattar, dramatikar og samfunnskritikar.
Voltaire | |
Pseudonym | Voltaire, Bénédictin |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 21. november 1694 Paris |
Død | 30. mai 1778 (83 år) |
Yrke | filosof, lyrikar, historikar, essayist, skodespelforfattar, sjølvbiograf, dagbokskrivar, diktarjurist, science fiction-forfattar, Encyclopédistes, korrespondent, statsvitar, skribent |
Språk | fransk |
Sjanger | roman |
Medlem av | Royal Society, Académie française, Det prøyssiske vitskapsakademiet, Det russiske vitskapsakademiet, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, frimureri, Accademia della Crusca |
Religion | ateisme |
Far | François d'Arouet |
Mor | Marguerite d'Aumard |
Voltaire på Commons |
Han vart fødd i Paris som son av notaren François Arouet og Marie-Marguerite D'Aumard. Arouetfamilien var ein velståande kjøpmannsfamilie, og François var 5. barn i søskenflokken.
Voltaire var ein produktiv forfattar, som skreiv verk i nesten kvar einaste litterære form og sjanger. Han skreiv skodespel, poesi, romanar, essay, historiske og vitskapelege verk, meir enn 20 000 brev og meir enn 2000 bøker og pamflettar.
Voltaire var ein av opplysningstida sine store filosofar, og ein stor forkjempar for ytringsfridom og menneskerettar. Han er tillagd den klassiske formuleringa av toleranseprinsippet: «Eg er heilt ueinig med deg, men vil kjempe inntil døden for din rett til å seie det du seier.» I dag veit ein at sitatet truleg er laga av Evelyn Beatrice Hall, sidan det har vore umogleg å finne dette sitatet i Voltaire sine verk. Det er truleg ein parafrase over eit uttrykk i eit brev han skreiv i februar 1770 til M. le Riche, der det heiter: «Eg avskyr det du skriv, men eg vil ofre livet for å gjere det mogleg for deg å halde fram med å skrive.»
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Voltaire, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.