Frode Olsen (fødd 12.
oktober">12. oktober 1967 i Kristiansand) er ein tidlegare fotballspelar frå Stavanger som vakta det norske målet i 26 landskampar i tida 1995-2003.
Frode Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. oktober 1967 (56 år) Stavanger kommune |
Yrke | fotballspelar |
Høgd | 189 centimeter |
Olsen spelte for FK Vidar fram til og med 1989. 1990-sesongen sleit han reservebenken i Rosenborg, året etter var han fyrstevalet mellom stengene i Strømsgodset. Han spelte berre den eine sesongen for drammensklubben, ein sesong som vart avslutta med siger i cupfinalen på Ullevaal stadion.
Dei fem sesongane 1992-96 stod Olsen i mål for IK Start. Deretter var han Stabæk-spelar i tre år, 1997-99, alle desse åra vart han kåra til Årets målvakt. I sin andre sesong med bærumslaget var han med å vinne NM-finale for andre gong, Stabæk sigra 3-1 over Rosenborg etter ekstraomgangar.
Olsen spelte 2000-02 for spanske Sevilla FC og 2002-04 for Viking Fotballklubb i fødebyen Stavanger.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Frode Olsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.