Linda Eide: Norsk journalist og programleiar

Linda Eide (fødd 10.

februar">10. februar 1969) er ein norsk journalist, forfattar og kåsør frå Voss som er tilsett i NRK, der ho mellom anna har vore programleiar for programmet Norsk attraksjon og Eides språksjov.

Linda Eide
Linda Eide: Karriere, Prisar og utmerkingar, Bibliografi
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. februar 1969 (55 år)
Voss herad Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, skribent, underhaldningsartist
Prisar Dialektprisen, Målprisen, Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, Gullruten for beste programleder
Linda Eide på Commons
Linda Eide: Karriere, Prisar og utmerkingar, Bibliografi
Linda Eide på NMD UNG i 2014.
Foto: Tord Litleskare

Karriere

Linda Eide var 19 år då ho byrja på Norsk Journalisthøgskule i 1988, og desidert yngst på kullet. Vidare studerte ho litteraturvitskap ved NTNU i 1996. Frå 1990 vart ho programmedarbeidar i NRK, og har arbeidd i fleire avdelingar, mellom anna i NRK P3 frå opninga i 1993, i NorgesglassetNRK P1 frå 1998 og i NRK Fjernsynet.

Linda Eide: Karriere, Prisar og utmerkingar, Bibliografi 
Linda Eide ikledd grilldressen ho brukte under alle sesongane av TV-programmet Norsk attraksjon.
Foto: Bjarne Thune

Norsk attraksjon

I 2007 hadde Eide premiere på Norsk attraksjon, ein TV-serie der ho reiste rundt i Noreg og viste fram attraksjonar ein ikkje ville finna i ei guidebok. Frå 2007 til 2012 vart det produsert tre sesongar av denne serien. For serien vart ho kåra til beste kvinnelege programleiar under Gullruten 2012.

Historisk moro

I 2014 sette Linda Eide opp forestillinga 200 år på 2 timer saman med pianisten og komikaren Sjur Hjeltnes. Dette var ein presentasjon av norsk historie i høve Grunnlovsjubileet. Forestillinga vart seinare vist på NRK1 under tittelen Historisk moro. Duoen framførte seinare ein forkorta versjon på teater rundt om i landet.

Smæsj

I 2015 vart Eide programleiar for Smæsj, der ho leita etter opphavet til ulike idrettar. Mange av innslaga ho laga til serien var frå USA, Storbritannia og Tyskland.

Eides språksjov

I 2017 vart Eides språksjov lansert på NRK1 med ulike gjestar, og ein fast trio av Eide som programleiar, professor Gunnstein Akselberg og pianist Sjur Hjeltnes og med nokre innslag med Halvor Folgerø. Talkshowet vart svært populært, og fleire sesongar er vorte laga. I november 2019 vart showet flytta til laurdag kveld. Bakgrunnen for Eides språksjov var ein serie scene-arrangement i regi av Litteraturhuset i Bergen, der Eide, Akselberg og Hjeltnes i fleire år oppførte Ut med språket.

Forfattarskap

I 2012 gav Eide ut boka Oppdrag Mottro, som var utforma som ei samling utskrifter av telefonsamtalar mellom henne og mor hennar; «mottro» er vossamål for «mor(en min)». Gjennom desse telefonsamtalene utforska Eide livet til mora opp gjennom 1950-, 1960- og 1970-tallet. For utgjevinga vann ho Melsom-prisen, som etter statuttane blir gjeven til ei bok som er skriven på nynorsk og som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». Boka er vorte omsett til engelsk. Eide har også skrive fleire andre bøker i ulike sjangrar, frå dikt til lærebok i radio- og lydjournalistikk.

Hausten 2018 hadde Eide premiere ved Det Vestnorske Teateret i Bergen på ei teaterforestilling bygd på si eiga bok. Også teaterforestillinga hadde tittelen Oppdrag Mottro. Hausten 2019 drog ho på turné med forestillinga.

I 2018 skreiv ho på bestilling den musikalske forestillinga Melodi Grand Jazz til Vossa Jazz. Ho handla om jazzmusikken som gjennom åra har vore med på å prega Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest.

Prisar og utmerkingar

I 2006 var Eide den fyrste som fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

I 2008 fekk ho Dialektprisen frå Norsk Målungdom. Det same året fekk ho òg sykkelprisen frå Syklistenes Landsforening for det langvarige engasjementet sitt for sykkelen som framkomstmiddel. Dette hadde mellom anna manifestert seg i dokumentaren Døden Bak Styret som vart send på NRK i 2005, og som vann Bergen journalistlag sin Gullparaply same året.

I 2019 fekk Linda Eide Storegutprisen.

Bibliografi

  • 2000 – Då gamlemor baka seg i hel: moderne skillingsdikt. NRK P1. ISBN 8241902654.
  • 2003 – Kvardagstraume i utval. ISBN 9788252162110
  • 2004 – Radioradio: lyd i journalistikk. Med Lars Nyre. ISBN 9788252161618
  • 2009 – Norsk attraksjon: guiden til det du ikkje finn i guideboka. Med Kristin Helgeland Hauge. ISBN 9788281783089
  • 2012 – Oppdrag Mottro. Jakta på gamle dager. ISBN 978-82-430-0708-6
  • 2012 – Norske Smakar. Med Hanne Frosta.
  • 2015 – Lydjournalistikk - innføring i radio og podkasting. Med Jørgen Warvik Lyngvær og Lars Nyre.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Linda Eide: Karriere, Prisar og utmerkingar, Bibliografi  Commons har multimedium som gjeld: Linda Eide

Tags:

Linda Eide KarriereLinda Eide Prisar og utmerkingarLinda Eide BibliografiLinda Eide KjelderLinda Eide BakgrunnsstoffLinda Eide10. februar1969ForfattarJournalistKåsørNRKNorsk attraksjonVoss

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SlingrekjølKvam heradEurovision Song Contest 2023Atle HansenPetter DassElg i solnedgangPanterTorinoEuropeisk geografiSur nedbørRayleeGry HammerThoriumkraftverkTom HagenOksygenIrsk folkemusikkgc4roCubaFeltleirar i AntarktisRomaniaJens StoltenbergDanningLagasildCountryPandaKrøllalfa27-årsklubbenRefraksjonSondre BratlandFørste maiMarillionMediaWikiEritreaCarles PuigdemontEl NiñoVårsøgRasE slåttatæja2024Sogn og Fjordane fylkeAnders VassbotnFlaggFlaggdagarIvar AasenRagnvald BrusessonDet britiske riksvåpenetEM i fotball 1992Den sahrawiske arabiske demokratiske republikkenDírfys-MessápiaIltalehtiSiderEx-utstyrPer SivleAn-MagrittOrdPorsgrunnssangenToscakakeAserbajdsjanSymbol i hinduismenPeriferieininga KérkyraSlaget på StiklestadTreriksrøysaNautisk milHønsDygdsetikkJenny KlingeKvitveisJonsokYBelgiaPotamiá i EvrytaníaPanamakanalenFylkesveg 751Ronja RøverdatterPetter NorthugHund🡆 More