The Internet Movie Database (IMDb) er den eldste og sannsynlegvis største filmdatabasen på Internett.
Den er kjent for å vere svært dekkjande, også med informasjon om ikkje-engelskspråklege filmar, lågbudsjettfilmar, TV-filmar og dataspel.
The Internet Movie Database | |||
| |||
Type nettstad | filmdatabase, anmeldelsesaggregator, videospilldatabase, kollaborativ katalogisering, database over tv-serier, podkastkatalog, nettdatabase, selskap | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | engelsk | ||
Grunnlagd | 17. oktober 1990 | ||
Eigar | Amazon.com | ||
Nettstad | www |
IMDb vart oppretta i 1990 som eit enkelt program for å søkje i lista over vanlege spørsmål (FAQ) for nyheitsgruppe rec.arts.movies
. I 1993 var det mogleg å sende spørsmål til programmet via e-post, og året etter kunne også brukarane sende inn tillegg til databasen og det vart utvikla eit www-basert grensesnitt, noko som opna IMDb for den store brukarmassen. I byrjinga var IMDb ikkje-kommersiell, og brukte donert bandbredde og maskinvare. I 1996 vart det danna eit selskap i Storbritannia, Internet Movie Database Ltd. med eigendomsretten til databasen, og det kom reklame på nettstaden. I 1998 vart verksemda kjøpt opp av Amazon.com.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article The Internet Movie Database, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.