Ein journalist er ein person som driv med journalistikk, det vil seie å lage redaksjonelt stoff til ulike massemedium som aviser, nyhendebyrå, fjernsyn eller radio.
Journalist er ikkje i dag ein verna tittel, og det tyder at kven som helst kan kalle seg det. Det har difor i alle år vore viktig for dei som arbeider som journalistar å kunne definere kva som høyrer til journalistrolla. I Noreg er det i stor grad Norsk journalistlag som definerer denne rolla. Norsk Presseforbund står for utdeling av pressekort som er medlemsbevis for medlemmer i Norsk journalistlag og Norsk Redaktørforening. Aasmund Olavsson Vinje har vert ofte rekna som den fyrste norske journalisten.[treng kjelde]
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Journalist, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.