Wiki Nynorsk 2022: Spesial:Siste endringar
NNVietnameseEnglish

Y (y) er den 25. bokstaven i det latinske alfabetet og den 20. bokstaven i det greske alfabetet (Υ, υ). Grekarane har kanskje teke teiknet opp frå ei eldre stavingsskrift som var i bruk på Kypros. I gresk var lydverdien til bokstaven opphavleg u, seinare y. Etruskarane, og frå dei romarane, tok opp bokstaven som V (sjå U og V). Under Augustus vart rettskrivinga på latin endra til y. I seingresk tid vart både υ og οι uttalt i. For å vise til at lyden skulle skrivast υ, ikkje οι, sa ein at ein skulle skrive «y psilon», «berre y»; derav namnet.

Y
Latin alphabet Yy.svg
Y cursiva.gif
Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
Fonetisk bruk[y]
[ʏ]
[ɨ]
[j]
[i]
[]
[ɪ]
[ɘ]
[ə]
[ɯ]
[ɛː]
[ɥ]
[ɣ̟]
[ɛi]
/w/
//
UnicodeU+0059, U+0079
Plass i alfabetet
Talverdi: 25
Historie
Utvikling
Tidsperiode54 til no
Etterkomarar • U
 • V
 • W
 •
 • ¥
 •
 •
 •
SlektningarF
Ѵ
У
Ў
Ұ
Ү
ו
و
ܘ

וּ
וֹ

𐎆
𐡅



Anna
Tilknytte tal25
SkriveretningVenstre til høgre
Alfabetet
ABCDE
FGHIJ
KLMNO
PQRST
UVWXY
ZÆØÅ

Y er i norsk ein trong, fremre, runda vokal. På engelsk er bokstaven dels teikn for i (system), dels for ai (spy) og dels for j (year). På fransk er bokstaven teikn for i og på tysk dels for y, dels for i (i opphavlege tyske ord vert ü nytta).

Y kan tyde

Y som namn

  • Y er ein kommune i Matanuska-Susitna Borough i Alaska
  • Y (uttala «i») er ein fransk kommune i departementet Somme i Picardie. Innbyggjarane i kommunen heiter ypsilonarar, etter det franske namnet for bokstaven y.
  • vert nytta mellom faren og mora sitt etternamn i spanske familienamn, til dømes Ortega y Gasset.

Kjelder