Ottoman

Ottoman (av fransk ottomane, ottoman, gjennom tysk Ottomane) er ein type møbel til å sitja eller ligga på som var utbreidd i Europa på 1700- og 1800-talet.

Det har hatt mange utformingar, med eller utan ryggstø, og er i slekt med divan, sjeselong og sofa. Ein kunne ha ottomanar i opphaldsrom eller på soverom.

Ottoman
«Canapé 'Ottoman'» i louisquinzestil.
Ottoman
«La Turquoise», ein form for ottoman med to armlene, men utan ryggstø. Illustrasjon frå L'Encyclopédie.

Ottomanar blei innførte i Frankrike på 1700-talet. Dei var inspirerte av møblar frå det osmanske eller ottomanske riket, og var opphavleg breie, låge benkar utan bein eller ryggstø. Dei kunne vera stoppa og/eller vera utstyrt med lause puter. Som i Det osmanske riket kunne ottomanen vera bygd inntil tre veggar i eit rom. Seinare blei det laga mindre møblar som passa inn i hjørne, og møblar med armlene og rygglene i eitt som minna om omsluttande veggar.

I ei motsett utvikling blei ottomanar laga som runde eller åttekanta møblar rundt ein polstra midtstolpe. Dette gav mange sete som kunne vera samanhengjande eller ha armlene imellom. Slike ottomanar var vanlege på klubbar, teater og liknande. Denne typen møbel kunne ha eit holrom inni med setet som lok.

Ottoman footstool, eller ottoman-fotskammel, var ein puff eller polstra benk, gjerne også med holrom og lok, som blei brukt saman med ottomanar. I dag er dette møbelet gjerne kjend som berre «ottoman» på engelsk, og kan brukast åleine, saman med lenestol eller sofa.

Biletdøme

Kjelder

Tags:

DivanMøbelSjeselongSofa

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VerkstadWikimediaJaroslav SakalaCreative CommonsPilt-OlaTutankhamonHalloTor Erling StaffReguleringsventilJohan BojerHøyFriluftslivHellerman RocksRundePRISMAnne HoltA Touch of ClassKråkebolleØlebrødHellasMagnus MarsdalAsker kommuneTyrkiaEtnisk nasjonalismeSki-VM 2019AlenNautisk milHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorBlandingAn-MagrittKevlarEfesosPeriferieininga IoánninaAndre verdskrigenErik AndersenPasco-regionenBuddhismenAtenAleksandr RagulinJamstellingsvedtaketTaekwondoApeSentral-TzoumérkaPiknikkorgPeter GabrielKonform avbildingSnow White and the Seven DwarfsHåvard RemSekretær som møbelIschiaTommy RobinsonTegan and SaraGyllen fallskjermIsWikipediaGrunnstoffet tinnIngrid FiskaaThorleif HaugParagrafFylkesveg 751GitarforsterkarEmmelie de ForestStand by MeWilliam OrpenEtiopiaFrits ThaulowGlenn HughesPetter EideMoskvaprosessaneIslandVaskesetelMadman Across the WaterIvar Lo-JohanssonClaudio MonteverdiAftonbladet🡆 More