Thorleif Haug (28.
september">28. september 1894–12. desember 1934) var ein norsk skilaupar fødd i Lier. Han vert halden for å ha vore den beste skilauparen i verda rundt 1920 og då dominerte han i både langrenn og kombinert, attåt at han gjorde seg gjeldande i hopp. I dei fyrste olympiske vinterleikane i 1924 i Chamonix tok han tre gullmedaljar (18 km, 50 km og kombinert). Haug vann femmila i Holmenkollrenna heile seks gonger, noko ingen andre har klart verken før eller seinare. I 1919, 1920 og 1921 vann han både kombinerttevlinga og 5-mila. I 1919 fekk han Holmenkollmedaljen saman med Otto Aasen. Thorleif Haug var medlem i Drafn. Av yrke var han røyrleggjar. Han døydde av lungebrann berre førti år gammal. I 1946 vart det sett opp ein statue av Haug i Drammen, denne er laga av bilethoggaren Per Palle Storm.
Thorleif Haug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. september 1894 Lier |
Død | 12. desember 1934 (40 år) |
Idrett | kombinert, skihopping, langrenn |
Tok del i | Langrenn under Vinter-OL 1924 – 18 kilometer herrer, Langrenn under Vinter-OL 1924 – 50 kilometer herrer, Nordic combined at the 1924 Winter Olympics |
Utmerkingar |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Thorleif Haug, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.