Vest-Tyskland

Vest-Tyskland er ei nemning på dei vestlege delane av Tyskland.

Etter andre verdskrigen og fram til 3. oktober 1990 var Vest-Tyskland ei uformell nemning på den delen av Tyskland som ikkje var del av den tyske demokratiske republikken (DDR).

Vest-Tyskland
Vest-Tyskland i Europa
Vest-Tyskland
Soner i Tyskland etter andre verdskrigen

Bakgrunn

Etter krigen vart Tyskland delt i okkupasjonssoner av dei sigrande maktene. USA, Frankrike og Storbritannia hadde styrkar i vest, medan Sovjetunionen hadde styrkar i aust. Formelt vart den tyske staten reorganisert i dei vestlege delane i 1949.

Vest-Tyskland 
Kart over Tyskland. BRD i vest og DDR avmerkt i aust

Namn

I Tyskland vart oftast namnet Forbundsrepublikken Tyskland (Bundesrepublik Deutschland) nytta om landet. DDR vart ofte kalla SBZ eller Midt-Tyskland i vest. Nemninga 'Aust-Tyskland' vart hovudsakleg nytta i utlandet, og den vesttyske regjeringa motarbeidde bruken av namnet 'Aust-Tyskland' for DDR, sidan dei reserverte namnet for dei austlege tyske provinsane som sigersmaktene hadde stilt under Folkerepublikken Polens forvaltning, og som dei polske kommunistane de facto hadde annektert. Den provisoriske hovudstaden i Vest-Tyskland var i røynda Bonn. Berlin var formelt og symbolsk hovudstad. Vest-Tyskland styrte over dei vestlege delane av Berlin, kalla Vest-Berlin. Aust-Berlin var hovudstad i DDR.

Sjølvstyre

Vest-Tyskland vart erklært fullt sjølvstendig att den 5. mai 1955 samstundes med at landet vart medlem av NATO. Gjennom NATO-alliansen heldt USA fram med å ha styrkar i landet. DDR vart òg erklært sjølvstendig, men sovjetiske styrkar vart verande der. Dei vart i 1953 nytta til å slå ned demonstrasjonar blant befolkninga i Aust-Berlin.

Tags:

19903. oktoberAndre verdskrigenTyske demokratiske republikkenTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Montserrat CaballéVillsauPalestinamandatetGezer regionale kommuneFiskandRayleeIvar Lo-JohanssonHenrik II av EnglandVilhelm III av EnglandSilvevAntiqueDet norske herrelandslaget i fotball187 LambertaVellingSilje NordnesArvo ViitanenUigurarEkvipasjeBill StewartTysklandPelle PolitibilLerkRoger McGuinnTetra1. divisjon fotball for mennNykøbing MorsDungenDen libyske borgarkrigenGabriel PimbaAsker kommuneTarasåsenMartha LeivestadSteingardar i NoregKvam heradAlfred MaurstadØrsta kommuneNordsamiskKibbutzParisAfghanistanWaiauelva i GisborneSmash!PenisBiologisk familieLyonerAksel KankaanrantaSchneider-troféetGjest BaardsenNaheWayback MachineJean-Claude JunckerMusikkgruppa GåteDen gregorianske kalenderenA Whiter Shade of PaleDave TorbertBo WiderbergMonacoPilaffKaderBruno CoutinhoWalter Henrique de OliveiraPannemerke i hinduismenGlobaliseringNaturismeAdilsSeladonForelskingSørøya i FinnmarkArne RustadstuenHansjörg KunzeSystem of a DownPunktskriftFeyenoordMispelInternettKirunaBhutankrigen🡆 More