Chamonix, eller Chamonix-Mont-Blanc, er ein by med om lag 10 000 innbyggjarar søraust i Frankrike.
Byen ligg ved foten av Mont Blanc i departementet Haute-Savoie i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og er ein populær vintersportsstad. Dei første olympiske vinterleikane vart halde her i 1924.
Chamonix | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement | Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Haute-Savoie |
Geografi | |
Flatevidd | 116,53 km² |
Flatevidd - By | 245,46 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik | 9 830 40/km² |
Koordinatar | 45°55′N 06°52′E / 45.917°N 6.867°E |
Høgd over havet | 1 032 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Heimeside: www.chamonix-mont-blanc.fr |
Chamonix består av tre landsbyar som ligg 1 350, 1 550 og 1 650 moh. Landsbyane har namn etter høgda dei ligg i. Chamonix 1650 er kjend for sitt livlege uteliv blant skituristane.
Chamonix-dalen går frå nordaust til sørvest og gjennom dalen renn elva Arve. På den søraustlege sida av Chamonix ligg Mont Blanc, det høgaste fjellet i Vest-Europa med ei høgd på 4 807 moh. På den nordvestlege sida av byen ligg fjelltoppen Le Brévent (2 525 moh.). Ei rekkje andre landsbyar høyrer òg til kommunen, som: Les Bossons (1 012 moh.), Les Praz (1 060 moh.), Argentière (1 252 moh.) og Le Tour (1 462 moh.). Chamonix grensar til Aostadalen i Italia gjennom Mont Blanc-tunnelen og Martigny i Sveits igjennom Col de Montets-passet (1 461 moh.).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Chamonix, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.