Ida Marie Fladen (fødd 16.
januar">16. januar 1986) er ein norsk radioprofil og programleiar. Ho kjem frå Rælingen i Akershus.
Ida Fladen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. januar 1986 (38 år) |
Yrke | programleiar, radioprogramleiar, podkastvert |
Fladen gjekk radiolinja ved Danvik Folkehøgskole i Drammen, og jobba deretter i radiostasjonen NRJ, saman med mellom anna Petter Pilgaard.
Fladen har vore programleiar for radioprogrammet Miksteip på NRK P3. I 2013 var ho programleiar for livsstilsprogrammet Prosjekt perfekt på NRK. I 2014 melde ho overgang til TV 2, og sommaren 2014 var ho programleiar for Sommertid saman med Gunhild Dahlberg og Guri Solberg. Hausten 2014 var ho programleiar i Idol Junior på TV 2.
I januar 2018 kunngjorde Fladen at ho slutta i TV 2. Samtidig vart ho å sjå i nett-TV-programmet Spårtsklubben på VGTV.
I 2018 starta Fladen som programleiar for podkasten Ida – med hjertet i hånden (ein tittel som speler på TV-serien Frida – med hjertet i hånden). Bakgrunnen for podkasten var Fladen sitt brot med kjærasten sin gjennom to år. Det har vorte ein populær podkast og ho får mange kjende personar til å snakka om kjærleikslivet.
I 2014 var Fladen nominert til fem Gullruten-prisar, i kategoriane «beste magasin og livsstil», «beste nye programserie», «beste nyskapning», «beste kvinnelege programleiar» og «årets tv-namn». Ho vann pris i kategorien «årets nyskapning» for programmet Prosjekt perfekt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ida Fladen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.