Treeininga

Den heilage treeininga er i kristen doktrine ei nemning på Gud.

Ho definerer Gud som eitt vesen, men tre personar: Faderen, Sonen og Den Heilage Anden. Dei fleste kristne kyrkjer vedkjenner seg denne trua, men det finst nokre retningar som avviser henne.

Treeininga
Treeininga i ein fransk miniatyr frå 1300-talet.

For dei fleste kristne er trua på ei treeining ein sentral del av trua deira, men det finst òg fleire retningar, både historiske og noverande, som avviser henne. Dette gjeld mellom anna Siste Dagers Hellige, Jehovas Vitner, Kristadelfianarane, Christian Science, Einingskyrkja, Unitarkyrkja, Iglesia ni Cristo og andre.

Treeininga
Personane i treeininga slik dei ofte blir framstilde: Den gamle og vise faren, den ofra sonen, og den kvite dua. Måleri av José de Ribera ca. 1635-1636.

Historie

Doktrinen om treeininga er ikkje nemnt eksplisitt i det nye testamentet. Tanken om Gud som ei treeining oppstod likevel tidleg, som ei følgje av det nære bandet mellom faderen, sonen og den heilage anden som blir skildra i evangelia. Ordet treeining (gresk τριας, latin trinitas) blei først brukt av Theofilus av Antiokia ca. år 180, og Tertullian gjorde det til eit kjent uttrykk blant teologar tidleg på 200-talet.

Etter kvart oppstod det strid rundt spørsmålet, særleg mellom arianarane, som ikkje aksepterte ei heilag treeining, og dei andre hovudretningane, som gjorde det. Dette blei eit hovudtema på konsilet i Nikea i 325, og den nikenske truvedkjenninga er hovudsakleg skrive som ein definisjon av treeininga. Denne trusvedkjenninga definerer personane i treeininga som «homoousia» ('av same vesen'), medan dei som meinte motsett definerte tilhøvet som «homoiousia» ('av liknande vesen'). Dette har seinare blitt framheva som ei særskild side ved kristen teologi; at det kan koma til splitting over ein «iota» (gresk i), eit uttrykk som blei brukt for å uttrykka noko som var svært lite.

Treeininga i Bibelen

Verken ordet treeining eller noka klår formulering av læra er eksplisitt nemnt i Bibelen, men kristne teologar viser til fleire stader i Bibelen som kan tolkast som støtte for doktrinen. Reint religionshistorisk kan formuleringa av treeinigslæra seiast å vera motivert av spenninga mellom identifisering av Jesus som Gud i Det nye testamentet (Joh 1,1; 20, 28) og den klåre monoteistiske tendensen elles i Bibelen.

I Det gamle testamentet er det særleg Første mosebok kap. 18 som blir nemnt; der viser tre personar seg for Abraham, og desse blir tolka som englar i jødisk tradisjon og ein del kristne tradisjonar, men som den treeinige Gud av mange kristne teologar. Nokre stader skildrar Gud skapingsprosessen i fleirtal — slik som i Første mosebok 1,26: «Da sa Gud: La oss gjera menneske i vårt bilde, etter vår likskap.» Denne passasjen blir tolka som «Gud og englane» i nokre tradisjonar, som majestetisk fleirtal av nokre og som teikn på fleire personar i Gud av andre att.

I Det nye testamentet er den viktigaste støtta for doktrinen dåpsformularet i Evangeliet etter Matteus (28, 19). Andre tekstar har òg vorte framheva, som den paulinske velsigninga i Andre korinterbrev (13, 13).

Heidenske treeiningar

Treeininga 
Symbol på den keltiske treeinige gudinna brukt innan nyheidenskap.

Medan kristendommen er den einaste av dei tre opphavlege abrahamittiske religionane som opererer med ei treeining, finst det liknande gudsforståingar i fleire andre religionar. Her grupperte ein gjerne tre guddommar saman så dei fekk eit så tett samband at dei blei tilbedne som ei eining. Kristne som ikkje trur på treeininga har hevda at treeiningslæra i kristendommen kom frå at teologien tilpassa seg heidensk lære.

Døme på heidenske treeiningar er Hekate i gresk mytologi, Brigid i keltisk mytologi, og trimurtien i dagens hinduisme.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Treeininga  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Treeininga

Tags:

Treeininga HistorieTreeininga i BibelenTreeininga Heidenske treeiningarTreeininga KjelderTreeininga BakgrunnsstoffTreeiningaDen Heilage AndenDoktrineGudGud FaderJesus KristusKristendommen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TuvinskHovudstadSymbolUr i MesopotamiaRubina RanaSexyVillsauEdvard VII av StorbritanniaPalestinamandatetEkvatorTilsynelatande storleiksklasseAndre verdskrigenRussebussWikipediaMaren LundbySelma LagerlöfKeipFreddie MercuryTidvatnWehrmachtMånenOperasjon muskedunderSundagGjest BaardsenKronografJean-Claude JunckerCristiano RonaldoFranskElektrostatisk generatorCarl LarssonSola kommuneBjarne BrøndboNazismeKongsberg IdrettsforeningAmursvaleMusculus latissimus dorsiTutti FruttiMímir KristjánssonStrålingXboxCanon EOS 250DKjønnscelleThomas JeffersonSandy DennyWitch houseVevdesignMiljøproblemQawahMikal KirkholtMjøsaUnder My ThumbEndetarmLangt undertøyBodø kommuneSteingardar i NoregFantasy RecordsNynorsk WikipediaOttar VendilkråkeDanmark-NoregTromsø kommuneSundbornNederlandskPolenTenaza PeakRune GjeldnesHarriet BackerPunktskriftLagerthaTsjekkiaArto BryggareSkalTatjana TomasjovaKokosmakron🡆 More