Median

Median i statistikk er eit sentralitetsmål som blir definert som verdien til talet som deler eit utval i to delar slik at kvar del har like mange element.

    Denne artikkelen handlar om omgrepet i statistikk. For språkvitskap, sjå median i språkvitskap.

For eit utval der mengder observasjonar er eit oddetal, er medianen den midterste verdien der utvalet er sortert i rekkjefølgje. For eit utval der mengder observasjonar er eit partal er medianen gjennomsnittet av dei to midterste verdiane.

Medisinsk brukast uttrykket medianplan (midtsagittalplan) om ei tenkt linje som deler kroppen i ein venstre og ein høgre halvdel.

Avgjersle av median

I eit sortert datasett med n element, der n er ulike vil medianen kunne finnast som element nummer Median .

I eit sortert datasett med n element, der n er like kan medianen vere ein av dei to midterste talverdiane, og kvar og ein talverdi der imellom. Ofte blir middelverdien brukt av dei to midterste talverdiane.

Stabilitet

Fordelen ved å bruke median i tilhøve til middelverdi er at median er stabil overfor ekstreme observasjonar (som blant anna kan oppstå ved målefeil). Viss ein til dømes har mælt høgder i meter, men har gløymt å setje komma i nokre av målingane, vil det påverke gjennomsnittet mykje, medan medianen ikkje blir påverka i same grad. Har ein målingane 1,73 - 180 - 1,86, vil gjennomsnittet bli 63,59, medan medianen er 1,86. Her er medianen tett på det som ville vore medianverdien utan den eine feilmålinga (1,80).

Median i geometri

I geometrien syner median til eit linjestykke som knyter ein av ein vinkelspissane til ein trekant med midtpunktet av den motståande sida.

For å finne medianen av ein talrekkje som til dømes: 1-3-5-6-8-9-11-12-14, må du telje deg innover frå kvar av sidene. Medianen i denne talrekkja er difor 8.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

Median Avgjersle av medianMedian StabilitetMedian i geometriMedian Sjå ògMedian KjelderMedianOddetalPartalSentralitetsmålStatistikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HjortIne Marie WilmannAbugidaIndonesiaDigitalJesusRudolf BlodstrupmoenKirunaKlima i ArgentinaMoldaviaTrøndelag fylkeGrunnstoffet tinnAsker kommuneAtenEllen DeGeneresLímni PlastíraJomfru MariaRusslandPeriferieininga SporadaneEarl ScruggsVesle GaldhøpiggenAustraliaMarcus & MartinusBlandingNorsk fonologiDen austerrikske arvefølgjekrigenTenaza PeakLike-til-likeDen kalde krigenMoldedialektVictoria av SverigeKalkulusDet ukrainske alfabetetAlta-Kautokeino-vassdragetSigmaPliktetikkBrusselJehovas vitneOzzy OsbourneCarl LarssonKommunismeKallifóniGrønlandPodsolEØSVM i alpine greiner 2019StrilamålSong-dynastietSosialistBokfinkTorstein FlakneSnow White and the Seven DwarfsHaaretzHlíðarfjallBizkaiaTeknologiPetter SalstenAftonbladetSpeidarrørslaKevlarFilmserien Harry PotterBuskerud fylkeTauFrozenGrunnstoffliste etter atomnummerPeriferieininga KardítsaTuonelaElektrisk kraftPanterWattensMaiken Caspersen FallaJordskorpeplateNordfjordeidPetter NorthugMartha SkrettebergKapitalisme🡆 More