Stilark er ein teknikk som vert brukt på internettsider for å definera utsjånaden på presentasjonen av informasjon lagra i HTML eller XML.
Cascading Style Sheets (CSS), seriekopla stilark] er ein teknikk som vert brukt på internettsider for å definera utsjånaden på presentasjonen av informasjon lagra i HTML eller XML. Medan HTML-dokument lagrar og strukturerer informasjonen, kan spesifiseringa av oppsett (plassering m.v.) av og utsjånad (skriftstorleik, osb.) på innhaldet flyttast til ei eller fleire eigne filer, sokalla stilark eller CSS-filer.
I CSS-fila definerer ein attributtar som tekstfarge, bakgrunnsfarge, skriftstorleik, skrifttype og plassering av tekst, bilete, animasjonar osb. Rett bruk av stilark gjer at websider vert langt enklare å skriva og, ikkje minst, å endra. Viss web-programmeraren har skild CSS og HTML i forskjellige filer, kan ein nemleg enkelt endra utsjånaden på alle dei tilhøyrande dokumenta seinare med ei einskild endring berre i CSS-fila.
Når innhald (HTML) og stil/formatering (CSS) er separerte, er det enkelt å endra på formgjevinga av ein stor nettstad med tusenvis av sider ved berre å redigera stilarka. Sjølve HTML-dokumentet vert dessutan mindre, meir oversiktleg, og lesbart m.a. for mobiltelefonar. Skiljet mellom CSS og «rein» HTML har etter kvart fått eit godt fotfeste hjå profesjonelle formgjevarar. Bruk av stilark vert av dei aller fleste rekna for god skikk i programmering av websider.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stilark, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.