Astrid Lindgren: Svensk forfattar

Astrid Anna Emilia Lindgren (14.

november 1907–28. januar 2002), fødd Ericsson, var ein verdskjend svensk barnebokforfattar.

Astrid Lindgren
Astrid Lindgren: Dei litterære figurane til Astrid Lindgren, Omsetjingar, Lindgren i samfunnsdebatten
Statsborgarskap Sverige
Fødd 14. november 1907
Vimmerby landsförsamling, Vimmerby
Død

28. januar 2002 (94 år)
Gustav Vasa församling, Stockholm

Yrke manusforfattar, barnebokforfattar, romanforfattar, skribent
Språk svensk
Politisk parti Sveriges socialdemokratiska arbetareparti
Sjanger barnelitteratur, eventyr
Medlem av Samfundet De Nio
Far Samuel August Ericsson
Mor Hanna Ericsson
Ektefelle Sture Lindgren
Born Lars Lindgren, Karin Nyman
Signatur
Astrid Lindgren på Commons

Liv

Astrid Lindgren: Dei litterære figurane til Astrid Lindgren, Omsetjingar, Lindgren i samfunnsdebatten 
Astrid Lindgren som syttenåring.

Astrid Ericsson vart fødd på garden Näs nær Vimmerby i Småland. Far hennar heitte Samuel August og mor hennar Hanna. Ho hadde ein eldre bror, Gunnar, og to yngre systrer, Stina og Ingegerd.

Etter realskuleeksamen byrja ho å arbeida i Wimmerby tidning. Då ho som attenåring vart gravid ville far til barnet, sjefsredaktør i avisa, gifta seg med henne, men ho avslo og fødde sonen Lars i København. Han budde hjå ein fosterfamilie der dei første åra.

I 1926 flytta ho til Stockholm og lærte seg maskinskriving og stenografi. I 1931 gifta ho seg med sjefen sin, Sture Lindgren. Tre år seinare var Astrids andre barn, Karin, fødd. Familien flytta i 1941 til husværet i Dalagatan, med utsikt over Vasaparken, der Astrid budde til ho døydde.

I 1944 vann ho andrepremien i ei ungjenteboktevling med boka Britt-Marie lättar sitt hjärta (på norsk Britt-Mari letter sitt hjerte) som forlaget Rabén & Sjögren hadde utlyst og året etter vann ho med barneboka Pippi Långstrump (på norsk Pippi Langstrømpe).

Astrid Lindgren døydde i Stockholm i 2002.

Dei litterære figurane til Astrid Lindgren

Astrid Lindgren: Dei litterære figurane til Astrid Lindgren, Omsetjingar, Lindgren i samfunnsdebatten 
Modell av «Villa Villekulla», den eventyrlege heimen til den endå meir spanande Pippi Langstrømpe.

Astrid Lindgren skreiv gjerne om litt opprørske og ulydige barn som gjorde mykje rart. Forteljingane hennar fortalde òg varmt om barn som mangla noko - som var fattige, ikkje kjende seg elska, eller sakna ein av eller begge foreldra sine.

Dei mest kjende hovudpersonane til Lindgren er Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Marikken, Mio Min Mio, Kalle Blomqvist, Ronja Røverdatter, Tjorven, Brødrene Løvehjerte, Karlson på taket, Lotta i Bråkmakergata, Rasmus på loffen og barna i Bakkebygrenda.

Omsetjingar

Dei rundt hundre bøkene til Astrid Lindgren er til saman trykka i 80 million eksemplar. Dei er i dag omsette til 77 språk. Pippi Långstrump var den første av Lindgren sine bøker som vart omsett til tysk. Boka hadde alt vorte refusert av fem tyske forlag før eit nystarta forlag i 1949 våga seg på å gje ut boka. Lindgren held seg sidan trufast på det forlaget, som mellom anna takk vera dette kom til å verte eit av Tysklands største bokforlag.

Den franske omsetjinga av Pippi som kom 1951 var strengt sensurert for det som vart sett som anarkisme og provoksjonar. Den usensurerte versjonen av Pippi Långstrump på fransk kom først i 1995.

Lindgren i samfunnsdebatten

10. mars 1976 vart det i Expressen publisert ei historie ho hadde skrive, Pomperipossa i Monismanien, etter at ho hadde oppdaga at ho hadde betalt 102 % i skatt. Finansminister Gunnar Sträng uttalte hånleg i riksdagsdebatten att forfattaren hadde rekna feil, at ho var flink til å dikta opp historier, men ikkje kunne rekna, men måtte seinare erkjenne at det ikkje var tilfellet. I riksdagsvalet same år tapte sosialdemokratane for første gong på 44 år regjeringsmakta. Lindgren meinte at dei kanskje skulle byta jobb, då det var Sträng som var flink til å dikta historier og ikkje kunne rekna.

Ho tok klar stilling mot kjernekraft før folkeavstemminga i 1980, men det som engasjerte henne mest var borne- og dyrerettsspørsmål. Ho skreiv boka Min ko vill ha roligt saman med veterinæren Kristina Forslund og førte i Expressen ein kampanje for dyrerettar i tre år.

Statsminister Ingvar Carlsson gav henne på åttiårsdagen ei dyrerettslov, Lex Lindgren, men Lindgren omtalte lova som «fisig», då lova ikkje held det han hadde lova. Engasjementet hennar var likevel med på å opne augene til forbrukarane for dyrerettsspørsmål i høgre grad.

Då ho i 1978 vart tildelt Dei tyske bokhandlarane sin fredspris skreiv ho talen Aldrig våld!, men etter å ha lese talen ville ikkje arrangørane at ho skulle halda han, sidan ho jamførte vald i heimen med vald i verda, noko dei meinte ville kunne opprøre det tyske publikumet. Lindgren meinte at om ein gav prisen til ein barnebokforfattar fekk ein rekna med at ho kom til å ta utgangspunkt i barnerommet, og om ho ikkje fekk halda talen ville ho lata vera å koma. Ho held talen og han vart trykt i store opplag og fekk gjennomslagskraft. Året etter fekk Sverige ei lov mot mishandling av born.

Prisar og utmerkingar

  • 1950 - Nils Holgersson-plaketten
  • 1958 - H C Andersen-medaljen
  • 1963 - Astrid Lindgren vart som første barnebokforfattar innvald i Samfundet de Nio
  • 1970 - Expressens barnbokslitteraturpris Heffaklumpen
  • 1970 - Dei tyske bokhandlarane sin fredspris
  • 1971 - Svenska Akademins store guldmedalje
  • 1975 - Litteris et Artibus
  • 1978 - Illis Quorum 12:e størrelsen
  • 1987 - Tolstojmedaljen
  • 1994 - Right Livelihood Award for sin kamp både for barns og dyrs rettar.
  • 1997 - Årets svenske i verda

I Tyskland er heile 116 skolar kalla opp etter forfatteren.

Bibliografi i utval

1944 - Britt-Marie lättar sitt hjärta På norsk: 1949 - Britt-Mari letter sitt hjerte
1945 - Pippi Långstrump På norsk: 1946 - Pippi Langstrømpe
1946 - Pippi Långstrump går ombord På norsk: 1947 - Pippi Langstrømpe går ombord
1946 - Mästerdetektiven Blomkvist På norsk: 1948 - Mesterdetektiven Blomkvist
1947 - Alla vi barn i Bullerbyn På norsk: 1948 - Alle vi barna i Bakkebygrenda
1948 - Pippi Långstrump i Söderhavet På norsk: 1948 - Pippi Langstrømpe går til sjøs
1949 - Mera om oss barn i Bullerbyn På norsk: 1949 - Mye moro i Bakkebygrenda
1949 - Nils Karlsson-Pyssling På norsk: 1950 - Per Pusling
1950 - Kajsa Kavat På norsk: 1951 - Koste-Kari : og andre unger
1951 - Mästerdetektiven Blomkvist lever farligt På norsk: 1952 - Mesterdetektiven Blomkvist lever farlig
1952 - Bara roligt i Bullerbyn På norsk: 1952 - Ingen steder som Bakkebygrenda
1953 - Kalle Blomkvist och Rasmus På norsk: 1954 - Mesterdetektiven Blomkvist og lille Rasmus
1954 - Mio, min Mio På norsk: 1955 - Mio, min Mio
1956 - Rasmus på luffen På norsk: 1957 - Rasmus på loffen
1957 - Rasmus. Pontus och Toker På norsk: 1958 - Rasmus, Pontus og Trille
1958 - Barnen på Bråkmakargatan På norsk: 1958 - Barna fra Bråkmaker-gata
1959 - Sunnanäng På norsk: 1960 - Sunnaneng
1960 - Madicken På norsk: 1961 - Marikken
1961 - Lotta på Bråkmakargatan På norsk: 1964 - Lotta fra Bråkmaker-gata
1963 - Emil i Lönneberga På norsk: 1964 - Emil fra Lønneberget
1964 - Vi på Saltkråkan På norsk: 1965 - Vi på Saltkråkan
1973 - Bröderna Lejonhjärta På norsk: 1974 - Brødrene Løvehjerte
1981 - Ronja Rövardotter På norsk: 1981 - Ronja Røverdatter
1991 - Hujedamej och andra visor av Astrid Lindgren

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Astrid Lindgren Dei litterære figurane til Astrid Lindgren OmsetjingarAstrid Lindgren Lindgren i samfunnsdebattenAstrid Lindgren Prisar og utmerkingarAstrid Lindgren Bibliografi i utvalAstrid Lindgren KjelderAstrid Lindgren BakgrunnsstoffAstrid Lindgren14. november1907200228. januarBarnebokForfattar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PostverketAtenMahabharataSun RecordsHar SedomMuflonKapunItaliaMount Everest1088 Mitaka28. februarKrakenUkrainsk matVoss heradNM i alpine greiner 1960Stord kommuneOle EllefsæterGeorge DukeDet indiske kastesystemetSamvirkelagArnfinn BergmannWaltzing MatildaRose-Marie HuuvaAlexander KiellandPavlos av HellasROBEKHammar og sigdFinanstilsynetSanskritJesusUkrainaEventyrGeitHardingfeleBrendan sjøfararenThe Big BopperAlderspensjonNasjonaldraktKonsulent (fleirtyding)Straumen i SørfoldNyreportVebjørn SandOskar BraatenJerry ReedMegareksiKnut Jørgen Røed ØdegaardDet kyrilliske alfabetetTrykkTangerineMinar-e-PakistanLiv Bernhoft OsaIngrid Alexandra av NoregThévenin-ekvivalentMS «Gullving»ForbrenningSki-VM 2009MalaysiaOle Kirk ChristiansenFrithjof PrydzDen dominikanske republikkenPoMarilyn MonroeElon MuskOslolosenHåkan LoobTrøndelag fylkeArgentinaAjjávaḷiEwokFjell i Nord-TrøndelagDamplokomotivPalestinamandatetÅkerbærAlfred MaurstadVera Rubin🡆 More