Grevinnen og hovmesteren (engelsk tittel The 90th Birthday, or Dinner for One, stundom berre Dinner for One eller The Butler and the Countess) er ein svart-kvit kortfilm produsert av Norddeutscher Rundfunk (nordtysk kringkasting) i 1963 som NRK fjernsyn sender kvart år på vesle jolaftan, og som har blitt ein joletradisjon for svært mange nordmenn.
I Tyskland, Danmark, Færøyane og Sverige er han òg en tradisjon, men vert vist på nyttårsaftan. Andre land der han vert synt er Sveits, Austerrike, Latvia, Sør-Afrika og Australia.
Filmen er ein komedie som handlar om grevinna Miss Sophie (spelt av May Warden) som får servert middag på 90-årsdagen sin av hovmeistaren James (spelt av Freddie Frinton). Rundt bordet sit dei imaginære gjestane Sir Toby, Admiral von Schneider, Mister Pomeroy og Mister Winterbottom. Ettersom vennene ikkje lever lenger, speler James rolla som, og skåler med Sophie, for kvar av dei. Han blir etterkvart ganske full.
Før kvar serveringsrunde går den same replikkvekslinga føre seg:
Manuskriptet til filmen er eit Broadway-skodespel opphavleg frå London, skrive av Lauri Wylie og urframført i 1948. I Storbritannia er likevel kortfilmen ukjend.
Ei undersøking firmaet UPC gjorde i 2004, viste at nesten sju av ti nordmenn (68,3 %) «må» setja seg og sjå dette programmet kvelden før julaftan. I 2003 vart programmet sett av 1,4 millionar sjåarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Grevinnen og hovmesteren, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.