Hol kommune er ein kommune i Buskerud fylke, øvst i Hallingdal. Kommunen grensar i nord til Lærdal, i nord og aust til Ål, i sør til Nore og Uvdal, og i vest til Eidfjord, Ulvik og Aurland.
Hol kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Adm.senter | Hol | ||
Areal | 1 854,54 km² | ||
- land | 1 658,38 km² | ||
- vatn | 196,16 km² | ||
Folketal | 4 496 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Petter Rukke (Ap) | ||
Kommunenr. | 3330 | ||
Hol kommune 60°36′54″N 8°18′08″E / 60.615°N 8.302222°E | |||
| |||
Wiki Commons: Hol | |||
Nettstad: www.hol.kommune.no | |||
Dei sentrale og nordre delane av kommunen består av to hovuddalføre, Holsdalføret og Ustedalen, der elvane i dalane dannar Hallingdalselve. I sør går dei to fjelldalane Seterdalen (Dagali) med Numedalslågen og Skurdalen med tilløpet Skurdalselva. Hol kommune har sine noverande grenser frå 1944, då Dagali vart overført frå Uvdal.
Tettstaden og vintersportstaden Geilo ligg i kommunen. Det gjer òg store delar av Hardangervidda. Det er her Hallingdalselve blir til ved at fleire vassdrag møter kvarandre.
Hol er om lag midtvegs på Bergensbanen, og har ein småflyplass på Dagali.
Jordbruket betyr mindre i Hol enn i dei andre kommunane i Hallingdal, og det blir drive mest husdyrhald med storfe og særleg sau. Hol har derimot velutvikla industri og turistnæring, særleg i kommunesenteret Geilo. Det meste av industrien ligg ved Geilo, der det er jern- og metallindustri med lange tradisjonar, og i Kleivi ved grensa til Ål.
Den viktigaste næringa i kommunen er reiseliv med tyngdepunkt på Geilo, med ei rekkje hotell og overnattingsbedrifter. Om lag 20 % av dei yrkesaktive er sysselsette i denne næringa (1990). Det er bygd mange hytter fleire stader i kommunen. Ved Geilo er det eit større alpinanlegg.
Hol har frå gamalt av vore ei viktig ferdselsåre mellom Aust- og Vestlandet. Tidlegare gjekk ferdselsvegen opp Holsdalføret på nordsida av Strandavatnet, over Geiteryggen, ned til Aurland eller vestover til Hallingskeid og Vossavangen. I den sørlege delen av Hol går ein gamal ferdselsveg (Nordmannsslepa) frå Numedal, gjennom Skurdalen over Krækkjeheia og over Hardangervidda. No går både riksveg 7 (Hønefoss–Trengereid) og Bergensbanen gjennom Ustedalen. Dagali og Skurdalen blir kryssa av fylkesveg 40 mellom Kongsberg og Geilo. Ved Hagafoss tar fylkesveg 50 av frå riksveg 7, og går vidare gjennom Holsdalføret over til Aurland i Sogn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hol kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.