Aurlandsdalen

60°52′27″N 7°23′23″E / 60.87417°N 7.38972°E / 60.87417; 7.38972

Aurlandsdalen
Kart over vegar og gamle stigar i Aurlandsdalen i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Sjå også detaljkart
Tegning: Frode Inge Helland

Aurlandsdalen er eit 40 km langt dalføre som ligg i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Dalen er med den dramatiske fjellnaturen eit naturskjønt turområde som blir vitja av mange fjellvandrarar kvart år. Nedst i dalen går E16 gjennom den lengste vegtunnelen i verda. Utbygginga av Aurlandselva og vasskraftressursane i dalen blei vedtekne i 1969. Utbygginga som fylgde på 1970-talet førte til mindre vassføring i elva, endra naturtilhøve, kraftige protestar og ein av de første store debattane om naturvern i Noreg.

Sommaren 1819 reiste målaren Johannes Flintoe saman med Gerhard Munthe, som då arbeidde med eit nytt kart over Noreg, og Munthes fetter Peder Pavels Aabel gjennom Aurlandsdalen. Skisser til dei kjente bileta frå Aurlandsdalen, mellom anna Fra Bjønnstigvarden, vart til på denne turene som markerer starten på den kunstneriske oppdaginga av det norske høgfjellet.

Geografisk plassering

Aurlandsdalen 
Utsikt mot Sinjarheim frå Haugane i partiet ovanfor Bridlebrui i 1960. På kanten av fjellplatået, loddrett over garden, kan ein skimte stølen Orrasete.
Foto: Frode Inge Helland

Aurlandsdalen ligg i indre Sogn og er kring 40 km lang (Geiteryggen-Vassbygdi), Ein av dei mest kjende turistløypene følgjer dalføret frå Geiteryggen rett innanfor grensa i Hol kommune nord-vestover til Aurlandsvangen nede ved Aurlandsfjorden i Sogn. Dalen smalnar av til ein trong, dramatisk vestlandsdal i sameint med ein frodig og artsrik natur og rike kulturminne i form av gamle gardar og stølar. Artsrikdommen skuldast både mineralrik jord danna av fyllitt i berggrunnen og kulturpåverknad gjennom mange hundre år.

Elva som renn gjennom dalen heiter øvst Stemberdøla og i nedre del Aurlandselvi. Turistruta som går gjennom er kjend for den varierte og dramatisk vakre naturen sin. Aurland - Hol er det kortaste sambandet mellom vestland og Austland. Frå gamalt av har dalen derfor vore ei viktig sambandsline for handelsferder og fedriftar gjennom og langsetter dalen og over dei kringliggjande fjellpartia.

Åtkomst

Aurlandsdalen kan nåast anten frå Aurlandsvangen eller frå Vierbotn ved Geiteryggen. Tilkomst til Aurlandsvangen med snøggbåt frå Bergen eller via E16. Tilkomst til Geiteryggen via Rv50 frå Hol i Hallingdal. Til fots er der DNT-merka ruter Finse - Geiteryggen, Storestølen-Geiteryggen, Raggsteindalen (ved Strandavatnet) - Geiteryggen eller ruta Lungsdalen - Stemberdalen. Ei anna rute går frå Hallingskeid gjennom Såtedalen, langs nordvestsida av Omnsvatnet og vidare over Bakkahelleren langs Geiteryggvatnet til Geiteryggen. Den opphavlege stikkinga av Bergensbanen var lagt om Geiteryggen. Om desse planane var blitt realiserte, ville jernbanen følgd denne traseen til Hallingskeid.

Topografi

Nedover dalføret frå det opne høgfjellslandskapet ved Geiteryggen (1232 moh.) blir landskapet gradvis meir kupert. I Stemberdalen, ca. 1100 moh. (Steinbergdalen, Stemmerdalen, Stodmerrdalen) er dalføret vidt og ope med slake fjellsider, med vierkledde sletter i dalbotnen. Elva vida seg tidlegare ut i breie slyng som ein kunne ro med båt (no oppdemde med tersklar). Frå Stemberdalen smalnar dalføret med brattare fjellsider.

På Østerbø (Øvstebø, Aurdalen), ca. 900 moh., vider dalen seg ut igjen med skoggrensa eit lite stykke opp i dalsidene. Elva vider seg ut til eit vatn, Aurdalsvatnet, som no er regulert. Frå Østerbø skjer dalen seg brattare og smalare nedover. Fjellsidene reiser seg brattare frå dalbotnen. Elva har her grave djupe slukter og vender her sørover for så ved Heimrebø å vende nordover igjen, før ho igjen tek den opphavlege retninga si nordvestover. Herifrå følgjer elva eit djupt utgrave gjel der dalbotnen er uframkommeleg. Ved den fråflytta plassen Almen er dalen delvis farbar langs elva. Dalføret vider seg herfrå gradvis ut til det møter Midjedalen i Vassbygdi. Herifrå er dalbotnen relativt flat og fjellsidene bratte ned til Aurlandsvangen, men avskorne av Vassbygdvatnet.

Historie

Kraftutbyggjing og endring

Aurlandsdalen 
1961. Knut Sønnerheim, like før Heimrebø, med dei to kløvhestane sine med proviant til Østerbø turishytte. Kvar hest kunne lastast med 100 kg. Turen Østerbø-Vassbygdi måtte gjentakast fleire gonger for veka. Til Steinbergdalen måtte også all veden til koking og oppvarming førast på hesteryggen.
Foto: Frode Inge Helland

Aurlandsvassdraget, som skulle gje ein årsproduksjon på kring 2 mrd. kW-timar, blei utbygt på 70-talet etter eit svært omstridd vedtak i Stortinget i 1969. Bak utbygginga stod Oslo Lysverker. Reguleringa skulle bli ein demonstrasjon på korleis ei kraftutbygging kunne gjerast. Men dei store vassfalla har stilna. Dei biotopane som kontinuerleg blei overrisla av fosserøyken er blitt sterkt reduserte. Nede i dei djupe elvkløftene renn det lite vatn. Tersklar skulle sørgje for at der var vasspegel i vassdraga, men dette er svært fjernt frå det buldrande infernoet som tidlegare fylte elvegjela.

Aurlandselvi reknast ikkje lenger som ei av Noregs beste lakseelvar. Ein treffer ikkje lenger driftene med storfe, geiter og grisar som skulle vere sommaren på Østerbø og Stemberdalen. Kløvhestane, det faste trekket i landskapsbiletet, som Jon Fimreite og Knut Sønnerheim m.fl. førte proviant til Steinbergdalshytta og Østerbø med, er også historie. Aurlandsdalen er blitt som dei fleste andre dalføre, prega av gjennomfart og fritid. Berre strekninga Nesbø - Vassbygdi er rimeleg upåverka, når ein ser bort frå den sterkt reduserte vassføringa i Aurlandselvi og riksvegstykket mellom Berdalstunnelen og Nesbøtunnelen som er synleg frå stigen ved Heimrebø.

Aurlandsdalen før og no

Heilårsveg

Aurlandsdalen 
Østerbø i Aurdalen sedd frå riksvegen.
Foto: Frode Inge Helland
Aurlandsdalen 
Reproduksjon av målaren Johannes Flintoes Utsigt ifrån en Fjäll-Grotta i Urlandsdalen i Bergens Stift frå rundt 1830.

For å få gjennomført kraftutbygginga måtte det byggjast veg gjennom dalen. Vegen skulle tene som ferjefri heilårsveg mellom Austland og Vestland, hovudsakleg etter den gamle ruta Aurland - Hol. Bergen skulle få stamveg til Oslo over Voss, Vinje, Nærøydalen, Aurland og opp Aurlandsdalen til Geiteryggen. Derfrå gjennom Vierbotn, Sveingardbotn og langs Strandafjorden til Hol i Hallingdal. Ein unngjekk dermed ferjestrekket Kvanndal - Kinsarvik over Hardangerfjorden og den usikre Hardangervidda som var vanskeleg å halde vinteropen. Jamvel om vegen fekk rimeleg breidde, blei tunnelane mellom Vassbygdi og Stonndal ikkje av den naudsynte standarden.

I november 2000 blei den nye Lærdalstunnelen mellom Aurland og Lærdal opna i det som blei den nye stamvegen mellom Oslo og Bergen. Aurlandsdalen unngjekk dermed en ytterlegare belastning. Men dermed fall også eitt av dei tunge argumenta for det omstridde utbyggjingsvedtaket av 1969 bort.

Ferdselsvegar

Ruta mellom Aurlandsvangen og Hol var den aller kortaste vegen mellom Austland og Vestland. Aurlandsdalen var derfor frå svært gammalt av ein av de viktigaste sambanda mellom Vestlandet og Austlandet. Først i den seinare tida blei det mogleg å føre fedrifter langs sjølve dalføret, ved utsprenginga av Sinjarheimsgaldene i 1870 og Nesbøgaldene på 1930-talet. Før den tid var det berre mogleg for folk å ferdast langsetter sjølve dalføret. Fram til 1930-åra måtte fedrifter ta omvegen over fjellet frå Nesbø til Østerbø. Både Sinjarheimsgalden og Nesbøgaldene hadde trestigar for å kunne forsere dei loddrette fjellveggane.

Før 1870 måtte fedriftene ta den lange omvegen, anten over Langfjellet og ned til Østerbø eller over Stonndalen til Stemberdalen, Alternativt over Låvidalen til Geiteryggen. Derfrå gjekk ferda ned til Vierbotn via Sveingardsbotn og vidare langs Strandafjorden til Hol i Hallingdal.


De viktigaste rutene var (sjå kartet – nummeringa seier ingenting om kor viktig):

Aurlandsdalen 
Omtrentleg rute (5) for fedrifta frå Vassbygdi, opp Eisingaberget. Sjå også detaljkart.
Foto: Frode Inge Helland
Aurlandsdalen 
Omtrentleg rute som blei brukt før det i 1930-åra vart sprengt veig i Nesbøgalden som var farbar for storfe. Ruta førte over fjellet og ned til Østerbø i Aurdalen.
Foto: Frode Inge Helland
    1. (Raud markering):Turistvegen følgjer sjølve dalen. Bjødnastigen var i mange år stengd på grunn av ras. No er det mogleg å velje alternativ til ruta langs elva under Holmen der stigen deler seg ved Tirtesva like forbi Nesbø (Raudt). Etter at kraftubyggjinga, reguleringa av vassdraga og helårsvegen blei bygd på 70-talet er stigen lagd oppe i fjellsida frå Steinbergdalshytta til ein igjen støter på den gamle stigen ved brua over Grøna. Deretter følgjer den det gamle faret ned bjørkelia til Østerbø.
    2. (Ikkje innteikna på kartet): Ei rute følgde Aurlandsvangen, Kleppane, Låvi, Låvisdalen, over Grindsfjellet, forbi Bottolfstølen og Raunedokken, over Repparhaugane, gjennom Vetledalen til Rausmesdalen, vidare til Hednedalen tilbake på driftevegen frå Vindedalen, deretter austover til Geiteryggen langs Strandafjorden til Hol.
    3. (Orange markering): I Rausnesdalen var der vegskiljet til ein annan mykje brukt veg som tok opp til Fossane, Langevatnet, Mellomvatni, Svartevatnet, Geiteryggen til Strandefjorden.
    4. (Violett markering): Eit anna vegskilje var nedarst i Låvisberget der vegen gjekk til Vassbygdi og vidare til Midje, opp Nordalen for så å dreie austover og vidare søraustover over Langafonna, Grodalen og ned Langedalen forbi Herdestølen til Østerbø.
    5. (Grå markering): Ei anna rute gjekk opp det stupbratte (sjå kart) Eisingaberget, for å unngå Sinjarheimsgalden som fekk utsprengd stig først i 1870. Før den tid var her ikkje framkommeleg med fedrift. Ved å velje vegen forbi Eisingane (stølar)og vidare over Langedalsfjellet sparte ein seg for både Sinjarheimsgalden, Bjønnestigen og Nesbøgalden.
    6. (Grøn markering): Dei som valde å følgje dalen, måtte krysse elva ved Almen og gå på sørsida forbi Teigen og så attende til nordsida ved Bridlebrui (grøn).
    7. (blågrøn markering): Endå ein annan veg gjekk over Stonndalen der det blei bygt kløvveg igjennom Stonndalsgjelet på austsida av dalen, sannsynlegvis omkring den tida då ein gjekk over frå beite og støl til gardsdrift i 1743. Driftene blei førte vidare opp på Klovehalsen forbi Berdalsbotn og Holene til Stemberdalen. Denne ruta blei sannsynlegvis først teke i bruk på midten av 1800-talet.

Busetjing

Så seint som i år 1850 var det til saman 10 gardsbruk og husmannsplassar i Aurlandsdalen: Almen, Sinjareim, Teigen, Berekvam, Skori, Nesbø, Vikaneset, Aurviki og to gardsbruk i Aurdalen (Østerbø). Buplassane er truleg mykje eldre enn dei skrivne kjeldene kan tyde på – nokon kanskje attende til før mellomalderen.
I dag kan ein sjå fjellgardane i Aurlandsdalen som einsame gardar. Men dei låg langs den kortaste ruta mellom det indre Vestlandet og Austlandet, så dei låg langs ein svært trafikkert ferdselsveg.

Sinjarheim

Første kjente brukar er Per i 1611. Siste brukar er Ingebrigt Jonassen Rinde f. 1873 – d. 1935.

Almen

Plass under Sinjarheim. Den første kjende brukaren er Magne Sult, også nemnd som Magne Olsen Almen, f. 1718 – d. 1753. Siste brukaren busett på Almen er Simon Johannessen Belle f 1830 - d. 1912. Plassen er i dag samansett av eit lite hovudhus, Almastova og ein liten låvebygning.

Almastova er ein liten eitt-roms laftet bygning på om lag 3,5 x 4,0 m i grunnplan. Det seiest at Almastova er den eldste ståande trebygningen i Aurlandsdalen. I følgje Arne Berg ved NIKU tyder utforminga av novene på at bygningen kan vere sett opp på 1600-talet Huset har tidlegare hatt tregolv. Ved sida av døra er der utvendig murt pipe.

I 2004 fekk Aurlandsdalen kulturlandskap v/Aurland naturverkstad 42 000 kroner av Norsk Kulturminnefond til istandsetting av Almastova.


Teigen

Første kjende brukar er Peder Ellingsen Teigen f. 1632 - d. 1661. Siste kjende brukar som budde på Teigen er Mikkel Ellingsen Sønnerheim, f. 1843 - d. 1901.

Berekvam

Første kjende brukar er Gudbrand som skatta av Teigen i 1603. Siste kjende brukar som budde på Teigen er Øystein Olsen Berekvam, f. 1901.

Skori

Holmen

Nesbø Første kjende brukar er Anders Nesbø, nemnd i dokument av 1670. Siste kjende brukar som budde på Nesbø er Sivert Nesbø f. 1888, (emigrerte til Amerika i 1909).

Vikaneset

Urdviki (Aureviki)

Første kjende brukar er Elling, nemnd i dokument frå 1718. Siste kjende brukar som budde i Urdviki er Sjur Eriksen Urdvik f. 1829 - død (?).

Øvstebø (Østerbø)

Første kjende brukaren er Nils Urdal (Aurdal) som betalte landskatt i 1632. D. 1638. Siste kjende brukar som budde på Østerbø er Knut Mikkelsen Østerbø f. 1846 - d. 1914.

Folketal

Folketalet i 1845 var på 2811 innbyggjarar. Ei sterk utflytting til Amerika og til byane, særleg på 1900-talet gjorde at i 1960 var folketalet kome ned i 2193. I dag (2004) er folketalet 1803 innbyggjarar. Minneplata på gravstaden på Østerbø syner at mange døydde under spanskesjuka.

Bibliografi

  • Aurland, utgjeve av Aurland sogelag. Serien har følgjande delar:
    • 1. Aurland bygdebok, fram til om lag 1920, ved Anders Ohnstad. Bergen boktrykk 1964.
    • 2. Ættebok for Aurland fram til om lag 1900, ved Anna Gjerløw og Anders Ohnstad. Bergen boktrykk 1964.
    • 3. Aurland bygdebok, fra 1835 til 1985 (revidert og oppdatert utgåve), ved Anders Ohnstad. Griegs boktrykkeri 1990. ISBN 82-992261-0-4.
    • 3:Tillegg. Glimt frå Aurlandssoga : samling av artiklar frå Aurland, ved Anders Ohnstad, 1991, ISBN 82-90451-31-8
    • 3:Tillegg 2. Glimt frå Aurlandssoga : samling av artiklar frå Aurland : 2, ved Anders J. Ohnstad, 1997, ISBN 82-992261-2-0
  • Gardssoga for Aurland, Vassbygdi og fjellgardane frå 1988. Anders Onstad. Utgiver: Aurland sogelag. Voss Prenteverk.
  • Den norske turistforenings årbok 1927. Grøndahl & søns boktrykkeri 1927.
  • Aurlandsdalen, ei kulturhistorisk vandring frå fjell til fjære. Tron Bach,Johannes Gjerdåker, Cappelens turhåndbøker 1994. ISBN 82-02-14675-5

Referansar

Bakgrunnsstoff

Aurlandsdalen  Commons har multimedium som gjeld: Aurlandsdalen

Tags:

Aurlandsdalen Geografisk plasseringAurlandsdalen ÅtkomstAurlandsdalen TopografiAurlandsdalen HistorieAurlandsdalen BibliografiAurlandsdalen ReferansarAurlandsdalen BakgrunnsstoffAurlandsdalen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AlderspensjonAmfidromisk punktMagnus CarlsenLewis HamiltonIngilín Didriksen StrømHiroki ArataniGjermund EggenOffentleg eigedomÉdith PiafPotemkins kulisserDonauSør-Fron kommune1986Willie NelsonGenèveAmmanNotoddenRussararE85Steingardar i NoregPolhavetSamvirkelagBergen kommuneVM i skiskyting 2020Nobelprisen i litteraturLohengrin sjokoladeGaukOtto JespersenAsteroidemåneCarles PuigdemontPKaptein SabeltannErling Braut Haaland2022Elvis PresleyOppdalBodø kommuneOslolosenGuvernørSkipshellerenVevelstad kommuneMånenScrabbleHeradAudhumblaKonglebitOle Gunnar SolskjærSneppålOdesaVM i fotball 2022EttermæleHøgaste fjell i EuropaIngrid Gjessing LinhavePåskehareUllevaal StadionNedbørHilde Louise AsbjørnsenFumaroleKarbonBangladeshGhoulBrøytTyrkia1976Byar i HellasHertuginneFilmjølkNeville SouthallDanmarkThornton WilderAtacamaThe Kids🡆 More