Sevilla Fútbol Club er ein fotballklubb i Sevilla i Andalusia i Spania.
Klubben spelar i Primera Division, toppdivisjonen i Spania. Sevilla FC vart skipa 14. oktober 1905 og spela 1934/35-sesongen for fyrste gong på spansk toppnivå.
Sevilla gjekk til topps i UEFA-cupen både i 2006 og 2007. Klubben vann sitt einaste seriemeisterskap i 1946. Fem gongar har Sevilla vunne den spanske cupmeisterskapen, siste gongen i 2010.
Klubben spelar heimekampane på Estadio Ramón Sánchez Pizjuán i bydelen Nervión i Sevilla. Stadion har ein tribunekapasitet på 45 500. Laget spelar i kvite trøyer og bukser, og har ein sterk byrival i Real Betis.
Namna i tabellen var oppdaterte (30. juli 2020), sist endra i august 2020.
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sevilla FC, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.