Michelangelo di Lodovico Buonarroti Simoni (6.
mars">6. mars 1475–18. februar 1564), kjend som Michelangelo, var ein italiensk bilethoggar, målar, arkitekt, poet og ingeniør. Han var fødd i Caprese ved Sansepolcro i Toscana og døydde i Roma.
Michelangelo Buonarroti | |
Statsborgarskap | Den florentinske republikk |
Fødd | 6. mars 1475 Caprese Michelangelo |
Død | 18. februar 1564 (88 år) |
Yrke | bilethoggar, bygningstegner, kunstmålar, arkitekt, lyrikar, ingeniør, entreprenør, skribent |
Språk | italiensk |
Religion | katolisisme |
Far | Lodovico di Leonardo Buonarroti Simoni |
Mor | Francesca di Neri del Miniato Siena |
Ektefelle | ingen verdi |
Partnar | Tommaso de' Cavalieri |
Michelangelo Buonarroti på Commons |
Fordi han var så allsidig, vert han sett på som eit typisk renessansemenneske, på linje med rivalen og likemannen Leonardo da Vinci.
Michelangelo sin produksjon gjennom eit langt liv var svært omfattande. Her er store samlingar av brevvekslingar, skisser og anna etter han, og han er dermed den best dokumenterte kunstnaren frå det sekstande hundreåret.
To av dei mest kjende verka hans, Pietà og David, var skulpturar han laga før han var tretti. Michelangelo rekna seg først og fremst som bilethoggar, men han laga også to av dei viktigaste freskomåleria i vestleg kunsthistorie: Scener frå første mosebok i taket og Dommedag på altarveggen i Det sixtinske kapellet i Roma. Seinare i livet teikna han kuppelen til Peterskyrkja og fornya klassisk arkitektur med bruk av kolossordenen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Michelangelo Buonarroti, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.