Google ChromeNynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia
Google Chrome er ein open kjeldekode-nettlesar utvikla av Google. Han byggjer på komponentar frå andre open kjeldekode-nettlesarar som WebKit og Mozilla, og er meint til å forbetre stabilitet, fart, og sikring saman med eit enkelt og effektivt brukargrensesnitt.
Google Chrome | |
Google Chrome vitjar fyrstesida åt Wikipedia. | |
Utviklar | Google.INC |
---|---|
Utgjeve | 02 september 2008 |
Nyaste versjon | 109.0.5414.112, 109.0.5414.119/120, 108.0.5359.215, 109.0.5414.117, 110.0.5481.52, 110.0.5481.50, 110.0.5481.52 |
Operativsystem | Macintosh Linux Windows. |
Plattform | IA-32, x86_64, ARM |
Lisens | open kjeldekode |
Nettstad | https://www.google.com/chrome/ |
Namnet
Nettlesaren er namngjeven etter ramma til brukargrensesnittet til nettlesaren, også kalla «chrome» på engelsk.
Sikring
Google Chrome hentar informasjon frå to såkalla svartelister (ei for nettfiske, og ei for sabotasjeprogram) og åtvarar brukaren når den prøvar å vitje ei skadeleg side. Denne tenesta er og gjort tilgjengeleg for andre via «Google Safe Browsing API». I arbeidet med å halde ved like desse listene, gjev google òg melding til eigarane av sidene, som kan vera uvitande om at sidene deira inneheld skadeleg programvare.
Brukargrensesnitt
- Fanebasert nettlesing. Der fanene er over adresselina, som på nettlesaren Opera.
- Nye faner syner miniatyrbileter av dei ni mest vitja sidene, saman med dei mest søkte, og bokmerkte sidene, og dei siste attlatne fanene.
- «Gears», er eit verktøy for å hjelpa utviklarar.
- Sprettoppvindauge er låste til den fana dei kjem ifrå.
Kjelder
This article uses material from the Wikipedia article Google Chrome, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.