Namnet er blitt populært på grunn av kong David, ein konge av Israel som er mykje omtala i Bibelen. Det er mellom anna svært mykje brukt i USA, der det var det andre mest gjevne gutenamnet mellom 1960 og -69.
Blant jødar kan det mellom bli transkribert som Dovid eller omforma til Dudel. Blant muslimar kan namnet transkriberast til dømes som Dawud, Daud eller Daoud.
På velsk er det Dafydd eller Dewey, med Dai og Taffy som kortformer. Patronymet Davis er eit svært vanleg velsk slektsnamn som viser at mange walisarar heitte David då etternamn blei innførte.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article David, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses. ®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.