Tiktok

TikTok er eit kinesisk sosialt nettverk der brukarane kan dela korte videoar, i all hovudsak gjennom ein mobilapp.

Videoane inneheld ofte framføringar med song-miming, humor, dans eller matlaging. Nettstaden er blitt forboden i fleire land eller har fått kritikk for brot på personvernlovgjeving, overvaking av brukarane og trugsmål mot nasjonal tryggleik.

TikTok
Tiktok
UtviklarBeijing Microbroadcast Vision Technology
Utgjeveseptember 2016
OS-familieDouyin
Typevideodelingstjeneste, sosiale medium
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttps://tiktok.com

Nettverket har det Beijing-baserte selskapet ByteDance som eigar. Dette blei skipa i 2012 av Zhang Yiming. I 2017 blei TikTok-appen gjeven ut for marknaden utanfor Kina. TikTok er ikkje tilgjengeleg i Kina, men i 2016 lanserte ByteDance applen Douyin for den kinesiske marknaden. TikTok og Douyin er identiske, men Douyin har andre retningslinjer. TikTok er populært i Asia, USA og store delar av verda, og appen var tilgjengeleg på 39 språk i 2020. I september 2018 var TikTok den mest nedlasta appen i USA den månaden – den fyrste kinesiske appen som oppnådde dette.

Per 2021 var det registrert éin milliard brukarar. Totale nedlastingar var omtrent tre milliardar i juni 2021.

Historie

Forløparen til TikTok var heiter Musical.ly. Musical.ly blei skapt av Alex Zhu og Luyu Yang, og blei kjøpt opp for éin milliard dollar i november 2017 av ByteDance, som allereie hadde lansert TikTok. I august 2018 blei alle Musical.ly-kontoane overført til TikTok, og Musical.ly blei seinare lagt ned.

Funksjonar

Brukarar på TikTok kan laga korte videoer av seg sjølv eller andre. Dei kan opptre på ulike måtar, til dømes ved å mime til musikk, dansa, synga eller anna. Ein kan legge til effektar, musikk og eigen lyd. Det går an å lage duettar, ved at fleire brukarar filmar eigne videoar og legg dei ut saman. Videoar lagt ut på TikTok kan også delast på andre sosiale medium. Det går også an å gje ut videoane privat, berre for vennar og utvalde følgjarar. Fleire av videoane har gått viralt og skapt ulike TikTok-trender. TikTok har også blitt brukt til filmkritikk, ofte ved hjelp av memar og lipsyncing.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tiktok  Commons har multimedium som gjeld: TikTok

Tags:

Tiktok HistorieTiktok FunksjonarTiktok KjelderTiktok BakgrunnsstoffTiktokDansFolkerepublikken KinaHumorMatMobilapplikasjonPersonvernSosialt nettverk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KvitveisHindugudarMHollandPhobos i gresk mytologiNord-AmerikaAmalie SkramBalusterAbdusamet YigitMuscatGulTallerkenMarianegropaEiffeltårnetBjørnstjerne BjørnsonKnut Marius DjupvikEllipsoideSauBizkaiaMax CarlBokmålSilje NordnesAust-ArjithéaAlexander KiellandBM-21GjegnabuStomiCharlène av MonacoByar i HellasFranskSørøya i FinnmarkJonas LieDet engelske herrelandslaget i fotballSamiske slektsnamnImperialismeHinduismenTrepunktsopphengDet nederlandske koloniriketStorbritanniaSoltidLysTríkalaFrankrikeBuskerud fylkeSilvia av SverigeMusikkgruppa GåteMidsommarAndre pinsedagNederlandskSjuårskrigenPeter GabrielPeter Wessel TordenskjoldTidvatnDet norske flaggetAbugidaEØSKrigKorrespondentKarsten WarholmLewis CapaldiBlåmannHanumanAlf-Inge HålandKjemisk formel24. aprilRonja RøverdatterGeitSamuel MassieEventyrKrøllparentesEngelskBlåbærDesta Marie BeederGuvernement i OmanSkandinaviaSagaen om Isfolket🡆 More