Rådyr (Capreolus capreolus) er eit lite hjortedyr.
Rådyr | |
Rådyrhann | |
Rådyrhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av rådyr | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Hjortedyr Cervidae |
Underfamilie: | Capreolinae |
Stamme: | Capreolini |
Slekt: | Capreolus |
Art: | Rådyr C. capreolus |
Vitskapleg namn | |
Capreolus capreolus |
Eit rådyr veg gjerne ca. 18–30 kg, har spinkle bein og spisse klovar. Om sommaren er gjerne pelsen raudbrun, medan vinterpelsen er meir gråbrun. Råbukken har eit enkelt gevir med opptil tre taggar per horn.
Rådyret trivst best i tett barskog og blandingsskog. Det et tradisjonelt gras, urter, lauv og bær, men seier ikkje nei takk til korn og hagevekstar heller. Om vinteren et det mest blåbærlyng, røsslyng og kvistar frå lauvtre. Lyngen kjem dei til gjennom å sparke vekk snøen med dei spisse klovane. Spesielt snørike vintrar kan vere eit problem for rådyra, fordi dei lett dett gjennom snødekket. Mange rådyr døyr også dersom kulda blir for hard og langvarig.
Rådyret er det minste av hjortedyra som lever i Noreg, i tillegg til å vere det nyaste. Rådyret kom til Noreg først omkring år 1900, men har sidan blitt meir og meir vanleg over store delar av landet. Det er framleis mest talrikt på Austlandet.
Ein jaktar på rådyr i store delar av Noreg. Den tradisjonelle rådyrjakta foregår mellom 25. september og 23. desember. Bukkejakta startar allereie 10. august, men då er det ikkje tillate å bruke hund. Under den ordinære jakta sver likevel mange jegerar til bruk av hund. Dachs, drever og beagle er gjerne dei mest populære jakthundrasane, men det vert også brukt andre hundetypar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rådyr, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.