Korn

Korn er grassortar med frø som kan etast, vanlegvis etter å ha blitt malne til mjøl eller gryn.

Menneske har dyrka korn sidan steinalderen, og ein finn ulike foredla typar over heile verda.

Korn
Blomstrande vinterkveite.

Korn inneheld mykje fiber, protein, B-vitaminar og noko mindre E-vitamin, mineraler og umetta feittsyrer.

Ulike kornslag

Korn 
Sorghum.
Korn 
Riskorn.

Fleire kornsortar voks fram i den fruktbare halvmånen i Midtausten. Her har ein gjort arkeologiske funn av eldgamle urkorn, som rug, emmer, einkorn og spelt, og nyare typar, som rug, bygg, havre og kveite.

I Afrika og Asia har ein dyrka sorghum, hirse og ris, ofte med avanserte vatningssystem for å dyrka fram det sistnemnde slaget. Ris er eit fruktbart kornslag, men treng helst eit varmt og fuktig klima. Hirsen spreidde seg lenger, både til tørrare stader i Afrika og kaldare stader i Europa. Teff også eit kornslag som er tilpassa afrikansk klima.

Korn 
Ulike mutasjonar av mais.

Mais stammar frå Mexico, der han blei foredla ved hjelp av kromosomdobling og målretta avl frå ein ellers nokså unyttig grasplante. Mais blei dyrka over store delar av Amerika, og nokre stader tilbedd som ein gud. I dag dyrkar ein mais over heile verda.

Korn 
Kveiteåker i Sør-Afrika.

Historisk korndyrking

Kunnskapen om å dyrka korn kom til Skandinavia rundt år 3900 f.Kr.. Bygg og det kveite-aktige speltkornet var dei viktigaste kornsortane, medan bygg, kveite, rug og havre er det i dag.

Liste over kornslag

Korn 
Kornarten bygg
  • Bygg - blir dyrka for å framstille malt, som kraftfôr og òg i brød.
  • Durra - er særleg viktig i tropiske strøk, og spesielt i Afrika.
  • Havre - blir brukt i brød, men er ofte òg nytta til graut.
  • Hirse - er eit hovudnæringsmiddel i Afrika og Asia.
  • Kveite - den viktigaste kornsorten i tempererte klimasoner, mest nytta til baking av for eksempel brød og som ein del av anna matlaging.
  • Spelt - lite foredla konsort, nært beslekta med kveite. Brukast i brød og bakverk
  • Mais - eit hovudnæringsmiddel i Amerika og Afrika, mykje brukt som dyrefôr.
  • Ris - den viktigaste kornsorten i tropiske klimasoner.
  • Rug - blir nytta i brød.
  • Perumelde eller quinoa - blir nytta i matlaging.
  • Teosint - ein underart av mais.
  • Rugkveite (Triticale) - kryssing mellom rug og kveite, blir brukt til dyrefôr.
  • Einkorn - Ein av dei opphavlege kveiteformene. Svært lite foredla.
  • Emmer - Ei tidleg form for kveite. Svært lite foredla.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Tags:

Korn Ulike kornslagKorn Historisk korndyrkingKorn Liste over kornslagKorn Sjå ògKorn BakgrunnsstoffKornGrynMjølSteinalder

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ABBAAkhelóos i KardítsaHovudsideHarald V av NoregWayback MachinePer PaustVladimir PutinC++Bodø kommuneHans Majestet Kongens GardeVrangianáHaakon Magnus av NoregDeltaSiderBlåbærGorgopótamosTyrkiaFinnøyEnglandBo WiderbergGeitHomogeniseringKrøllparentesØHistorisk oversyn over kommunar i HordalandLuciano PavarottiSjøløverNykøbing MorsTysklandLinn UllmannGuvernement i OmanPanserbataljonenBjørkefinkSagaen om IsfolketStatsreligionUSAFranz LisztAkslaNazistNorrøntGunnhild SundliPeriferieininga TríkalaSystem of a DownDet engelske herrelandslaget i fotballLímni PlastíraBuskerud fylkeDet amerikanske flaggetHanumanLondonLangnebbparakittNasjonalbiblioteketJean-François MilletPakistanMaiken Caspersen FallaVerdas lengste skihoppVerdas landPalamásSildekongeOsloSosialistIndonesiaVesle GaldhøpiggenOboLeksikonInflasjonSirkelProduksjonVisentRaimbaut d'OrangeBaluster🡆 More