Den Fruktbare Halvmånen

Den fruktbare halvmånen viser til eit halvbogeforma område i Midtausten der tidleg jordbruk og sivilisasjon utvikla seg, og viktige nyvinngar som skrift og hjulet kom til.

Omgrepet blei skapt som The Fertile Crescent av den amerikanske arkeologen James Henry Breasted tidleg på 1900-talet.

Den Fruktbare Halvmånen
Kart over Den fruktbare halvmånen tidleg i oldtida, her illustrert gjennom utbreiinga av skogdekke og dei viktigaste arkeologiske funnstadene som hadde busetjing før 7500 f.Kr.
Den Fruktbare Halvmånen
Utvida halvmåne med Egypt.
Den Fruktbare Halvmånen
Bystatar i halvmånen i det andre tusenåret f.Kr.

Området følgjer elvane Jordan, Eufrat og Tigris frå Levanten ved Middelhavet i vest til Mesopotamia og Persiabukta i aust. Det er avgrensa av det anatoliske høglandet i nord og Den syriske ørkenen i sør. I dag ligg statane Irak, Syria, Jordan, Libanon, Israel, Dei palestinske sjølvstyresmaktene og delar av Tyrkia og Iran i området. Ein kan også rekna Nildalen og Egypt med til området, ettersom også dette var fruktsamt og folkesett i oldtida, men jordbruk blei ikkje utvikla her.

Som ei landbru mellom Afrika og Eurasia med eit variert landskap og gunstig klima hadde området ein større biodiversitet enn landet rundt i steinalderen. Under kuldeperioden Yngre Dryas prøvde ein ut kultivering av rug i landsbyen Abu Hureyra i det nordlege Syria, medan kveite truleg først vart i Anatolia (Søraust-Tyrkia) og bygg i den sørvestre delen av Den fruktbare halvmånen – i Israel og Jordan, som i Jeriko. Dette fall saman med ei utrydding, noko som kan ha framskunda utvikling av jordbruk i større skala under den påfølgjande varmeperioden frå 9600 f.Kr.

Kjelder

Den Fruktbare Halvmånen  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

ArkeologiHjulJordbruksrevolusjonenMidtaustenSivilisasjonSkrift

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det norske alfabetetNordsamiskKaspihavetAmasoneHenning SolbergWikipediaBelgia330 skvadronTankbilAlbert EinsteinMidsommarMozilla FirefoxVinter-OL 1988UnicodeFilmen EllingMichael UhrmannBjorøyhavn11. februarAlaskaHovudsideVerdas skriftsystemMargrethe II av DanmarkEkstremvêret FrodeNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973HomofiliMarie CurieJerry ReedPave Johannes Paul ISovjetunionenPeter Wessel TordenskjoldMøre og Romsdal fylkeNorskSåmaskinCaliforniaKinas kommunistpartiSylvi ListhaugEngavågenFrankrikeSvartehavetLeksikonDen gregorianske kalenderenOksygenUrfolkAksel SandemoseKjell HovdaBjørnar SkjæranDen europeiske unionenNaturbrukVindenergiHaugtussaUkrainaGarri KasparovTrond Fausa AurvågAmarantfamilienNoregEstragonBodø kommuneTegan and SaraInca Garcilaso de la VegaNero av RomarriketArabiskKjønnshårTransportEdderkoppdyrDen cubanske revolusjonenPeter ŠťastnýAustralopithecusValutaInnsjøar i SverigeTaleHolbækTutankhamonTuonela🡆 More