Protein: Biomolekyl med kjeder av aminosyrerestar

Eit protein (tidlegare ofte kalla eggekvitestoff) er ei gruppe molekyl med høg molekylvekt, som er avgjerande for struktur og funksjon i alle levande organismar.

Protein: Funksjon, Oppbygging, Danning
Dei fire nivåa av proteinstruktur

Funksjon

Nokre protein er byggjestoff og spelar viktige strukturelle eller mekaniske roller, slik som til dømes proteina i brusk og sener. Andre fungerer som enzym, eller undereiningar av enzym som styrer dei kjemiske reaksjonane i cellene. Viktige funksjonar er òg immunrespons og lagring og transport av ulike stoff i kroppen. Som enzym kan også proteina syte for å bryte ned stoff til aminosyrer slik at dei kan takast opp i kroppen (ernæring) eller gjerast tilgjengelege for organismar som ikkje sjølv kan produsere dei. Såleis er protein ein føresetnad for alt levande liv og er avgjerande for struktur og funksjon for alle celler og virus.

Oppbygging

Protein finst i alle celler. Dei er sett saman av ei eller fleire kjeder av aminosyrer som er bundne ihop med peptidbindingar. Dei minste proteina har rundt 50 aminosyrer, medan dei største kan ha opptil 80 000. Særs små protein blir kalla peptid.

Danning

Danninga av protein, den såkalla proteinsyntesen, startar i cellekjernen, ved at det blir danna ein kopi av eit gen i DNA-et. Denne kopien er danna av RNA og inneheld koden som ribosomet i cella treng for å sette saman dei rette aminosyrene til eit nytt protein.

Døme på protein

Tags:

Protein FunksjonProtein OppbyggingProtein DanningProtein Døme på proteinProteinMolekylOrganismeRelativ molekylmasse

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Sergej Sjojgu1200RusslandAntarktisBuskerud fylkeÆrfuglIsaac NewtonGunnhild SundliSophie EliseKoboltStrilamålFredrik SkavlanBobby BareRoger KjendalenSolgangsbrisLouis PasteurTidslinje over norsk historieBrexitSåmaskinRådyrSkandinaviaIltalehtiEuropiumBrasilBergenValerij ZaluzjnyjVM i alpine greiner 2019EClaudio MonteverdiCarles PuigdemontMargrethe II av DanmarkDei fem K-ane i sikhismenSvastikaFinding NemoAdei AdEukaryotarDu FuItaliaUSASamisk kulturBroccoliniBukspyttkjertelenJon FosseVerdas skriftsystemJacob Tullin ThamsOrellanaprovinsenSnikkarFylkesveg 751 (fleirtyding)Star WarsSunndalsøraÅkerbærNasjonale minoritetar i NoregGoogleA Collection of Great Dance SongsEkstremvêret FrodeHotel CaliforniaArtemisVerktøyet filKristoffer ColumbusMaliEselTrymskvidaMiddelhavetStilarkLufttrykkAegisEuropaInkarikets fallKristendommenSkigardsviseDeAnna PriceAda LovelaceGassGeorg III av StorbritanniaNautisk milInformasjonskapsel🡆 More