Mjøl er eit finmale pulver, som oftast laga ved å mala ulike slag korn, men òg med andre plante- og dyredelar som utgangspunkt.
Mjøl blir brukt i matlaging og til dyrefôr over heile verda. Som regel inneheld mjøl ei eller anna form for stive.
Den vanlegaste mjøltypen i Noreg og dei fleste vestlege land er kveite. I Asia er rismjøl viktigast, i Afrika blir hirse mykje brukt, og i midtre Amerika er maismjøl hovudtypen.
Ein bruker mjøl til å baka brød og kaker, til å jamna sausar og supper, og til å laga pannekaker, puddingar, pasta, mjølboller og liknande. Mjøl kan òg brukast til andre ting som ikkje har med mat å gjera, til dømes som bindingsmiddel.
Mjøl blir til ved at ein mel korn eller eit anna materiale mellom to harde flatar, til dømes stein eller stål. Mjølet kan malast i ei mylne eller for hand. Etter malinga kan ein skilja frøkviten frå agnene. Fint mjøl er laga berre av frøkviten, den kvite, stiverike delen me finn inni kornet, medan sammalt mjøl òg inneheld dei fiberrike agnene.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mjøl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.