Hoggorm: Ormeart

Hoggormen (Vipera berus) er ein av meir enn 200 artar i hoggormfamilien, den einaste av desse som lever fritt i Nord-Europa, og den einaste giftslangen som lever i Norden.

Hoggorm
To fargevariantar av hoggorm. Foto: Malene Thyssen
To fargevariantar av hoggorm.
Foto: Malene Thyssen
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av hoggorm
Utbreiinga av hoggorm
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Skjelkrypdyr Squamata
Parvorden: Caenophidia
Familie: Hoggormfamilien Viperidae
Underfamilie: Viperinae
Slekt: Vipera
Art: Hoggorm V. berus
Vitskapleg namn
Vipera berus

Av alle slangeartane i verda er hoggormen den som har størst geografisk utbreiing. Han lever over det meste av Europa og Asia, frå Storbritannia i vest til stillehavskysten av Kina i aust, og godt nord for polarsirkelen i nord. Han finst i nær sagt all slags terreng, opp til om lag 3000 meters høgd over havet.

I Noreg finst hoggormen nordover til Helgeland, det nordlegaste einskildfunnet er gjort i Rana.

Utsjånad

Hoggorm: Utsjånad, Åtferd, Reproduksjon 
Nærbilete av orm med sikksakkmønster.
Foto: Zdeněk Fric
Hoggorm: Utsjånad, Åtferd, Reproduksjon 
Svart hoggorm.
Foto: Artur Mikołajewski

Hoggormen er normalt lett å kjenne att på sikksakkmønsteret han har på ryggen, men på dei mørkaste eksemplara kan mønsteret vere vanskeleg å sjå. Hoggormen finst i ulike fargekombinasjonar. Hoene har ofte ein brunaktig botnfarge og svart mønster, medan hannane har ein meir gråleg botnfarge. Unge hoggormar kan vere mørkebrune, fargen dei får som vaksne kjem ikkje alltid før dei er nokre år gamle.

Somme individ er svarte. Dette skuldast ein pigmentfeil, og ser ikkje ut til å vere arveleg. Dei svarte individa har dårlegare kamuflasje, men vil til i staden verte fortare oppvarma i solsteiken enn dei lysare eksemplara. Det kan forklare kvifor svarte hoggormar er vanlegare i dei nordlegaste delane av utbreiingsområdet enn i dei sørlegaste.

Ein vaksen hoggorm veg 150–200 gram og vert vanlegvis 50–70 cm lang, men han kan verte opptil 90 cm. Hoa er litt større enn hannen. På Nordmøre vart det ein gong målt ei hoe på 89 cm. Hoggormen kan verte opptil 20–25 år gammal.

Hoggormen har to gifttenner fremst i overkjeften. Sjølve gifta vert laga i spyttkjertlar i nakken, og vert samla opp i ei flaskeforma hole omgjeven av kraftige musklar. Derifrå vert ho ført fram til tannspissane gjennom ein kanal i overkjeften og tynne røyr i tennene. Gifta er ei blanding av ulike enzym og liknar litt på magesyre. Ho har to funksjonar, dels skal ho drepe byttet og dels skal ho få nedbrytinga til å gå snøggare etter at ormen har svelgt byttedyret.

Som andre slangar kan hoggormen ikkje høyre, men han oppfattar lyd som vibrasjonar i marka. Han har svært god luktesans.

Åtferd

Hoggorm: Utsjånad, Åtferd, Reproduksjon 
Hoggorm i lyset.
Foto: Zdeněk Fric

Hoggormane er vekselvarme dyr, det vil seie at dei vert varma opp av lufttemperaturen rundt seg og solstrålinga som treffer dei. Når det er kaldt i veret, vil dei vere trege i rørslene. Då kan ein ofte finne dei på steinar eller stubbar i solskinet, der dei prøver å få opp kropps-temperaturen. Om ein opplever å sjå ein hoggorm, vil det ofte vere på vegen. Det er fordi dei vert tiltrekte av den varme asfalten som dei bruker til å varme seg på.

Hoggormen liker seg godt i lyng med berre fjellflekker imellom, spesielt der det er varmt og solrikt. Han trivst ikkje på fuktige stader, men må ha tilgjenge til vatn i nærleiken. På nordlege breiddegrader, som til dømes i Skandinavia, er hoggormen mest aktiv om dagen, eventuelt morgon eller kveld. Han er òg flink til å klatre, og kan godt klatre i tre.

Hoggormen er ikkje aggressiv, og når han verar menneske satsar han ofte på at kamuflasjefargane skjuler han før han prøver å fly. Ein kan kome så tett innpå som eit par meter før han stikk av. Dersom hoggormen ikkje har nokon sjanse til å kome seg unna, vil han normalt først krølle seg saman og kvese, som ei siste åtvaring. Han bit berre om han vert overraska eller provosert og ikkje kan kome seg unna. Dette kjem truleg av at det er energikrevjande å lage gift, og at han helst vil spare på kreftene. På grunn av at han har ein tendens til å stole på at kamuflasjen fungerer, skjer det ofte at menneske som ønskjer det tek livet av han.

Hoggormen overlever maksimalt ein halv time i kuldegrader, så i dei kaldaste delane av leveområdet, som i Skandinavia, ligg han i dvale om vinteren. I regelen samlast det seg fleire individ, opptil mange hundre, som overvintrar i lag. Dei går i hi i oktober månad. Hia finn dei i frostfrie jordhòler og steinrøyser, gjerne i sørhellingar utan for mykje vegetasjon slik at bakken snøgt vert verma opp av sola om våren. Dei kjem ut av hiet att i april eller mai. Hannane kjem ut to til tre veker før hoene. Nokre dagar etter at dei er komne ut av hiet, skifter dei ham, det vil seie at det ytre hudlaget losnar og vert vrengt av. Deretter kan dei ha eitt eller fleire hamskifte i løpet av sumaren.

Mat

Føda er for det meste smågnagarar, men stålormar og amfibium som froskar og firfisler er òg viktige i kosthaldet til hoggormen. Når sjansen byr seg, et han òg fuglar og fugleegg.

Hoggormen et ikkje regelmessig, kor ofte han et avheng av jaktlukka. Han jaktar anten ved å liggje stille og vente på at eit bytte skal nærme seg, eller ved å følgje luktsporet til byttedyret. Når han kjem tett nok innpå, høgg han til og sprøyter gift inn i byttet, som vert lamma av gifta og døyr i løpet av få minutt. Så slukar han byttet heilt. Ein hoggorm vil trenge om lag 25 vaksne mus i løpet av ein sumar.

Reproduksjon

Hoggorm: Utsjånad, Åtferd, Reproduksjon 
To hannormar følgjer kvarandre tett ved byrjinga av paringstida.
Foto: Piet Spaans

Hoggormen vert kjønnsmogen når han er 3–5 år gamal. Paringa går føre seg på våren. Det er vanleg at hannane kjempar langvarige kampar med rivalar om retten til å pare seg med hoene. Etter paringa har ikkje hannen og hoa meir med kvarandre å gjere. Hoa er drektig i 60–100 dagar, og føder inntil om lag 20 ungar i august/september. Tidspunktet er litt avhengig av kva for breiddegrad han lever på. Hoggormen er kjend for å føde levande ungar, men ein meir korrekt skildring er at egga vert klekte rett før fødselen. Dei er 15–20 cm lange når dei er nyfødde, og dei er giftige når dei vert fødde. Ungane i eitt og same kull kan ha ulike fedrar. Etter fødselen vil mora vere svært avkrefta. Kroppsvekta vil då vere om lag halvparten av det normale, og ho treng heile neste sumar på å ete seg opp att. Hoggormhoene får difor ungar berre annakvart år, nokre gonger kvart tredje år. Mora tek seg ikkje av ungane, dei må klare seg sjølve med det same dei er fødde.

Hoggormbit

Hoggorm: Utsjånad, Åtferd, Reproduksjon 
Fanga hoggorm bit i ein hanske.
Foto: Piet Spaans

Mange menneske er redde for hoggormen, men faren for at dei nokon gong vil verte biten av han er svært liten. Normalt vil hoggormen prøve å unngå menneske, anten ved å ligge roleg i håp om å ikkje bli sett, eller ved å fly. Om han vert overraska eller provosert og ikkje kan kome unna, må han verje seg. Då rullar han seg saman og gjer seg klar til å bite, og når han bit så gjer han det lynsnart.

Han som vert biten merkar først eit stikk som kan minne om eit nålestikk. Etter nokre sekund vil det gå over til ein kraftig svie, omtrent som kvefsestikk, og det kan piple litt blod frå såret. Det er individuelt kor sterkt ein reagerer på hoggormbit, men etter nokre minutt kan ein verta hovudtullen, kvalm, øm og få smerter i store delar av kroppen. Lokalt rundt bitet kan ein hovne kraftig opp. Om smertene og hevinga er kraftig, må ein rekne med at det vil ta fleire dagar før alle symptoma er borte. Somme får ingen symptom i det heile etter å ha vortne bitne. Det er ikkje fordi dei er immune mot gifta, men fordi hoggormen ikkje sprøytte inn gift. Han kan nemleg sjølv avgjere om han skal sprøyte inn gift eller ikkje når han bit, og det er ikkje alltid han vil sløse med gifta. Dette skjer i om lag 30 % av tilfella.

Tiltak

Dødsfall etter hoggormbit er sjeldne i Noreg. Det er viktig at ein som er biten av hoggorm held seg i ro. Ein skal ikkje klemme, skjera eller suge på bitstaden. Born som er bitne, skal berast. Alle som er bitne bør kontakte lækjar for informasjon. Får ein alvorlege symptom bør ein ringje naudnummer 113. Har ein symptom som nemnde over skal ein til sjukehus. Òg born under 12 år, eldre, gravide, personar med redusert ålmenntilstand, personar som nyttar ACE-hemmarar (ein spesiell blodtrykksmedisin) og personar som er bitne i hovud, hals, bryst, mage og rygg skal til sjukehus.

Vanlege misoppfatningar

Det verserer ein del mytar om hoggormen, desse er nokre av dei mest seigliva.

  • Hoggormungane er giftigare enn dei vaksne dyra. Det er ikkje rett, tvert imot. Dei er mindre av vekst og har mindre giftmengd. Og det er giftmengda som vert sprøytt inn i såret som avgjer kor farleg bitet er. Hoggormane er giftige frå dei vert fødde, men ungane er ikkje giftigare enn dei vaksne dyra.
  • Hoa må klatre opp i et tre når ho skal føde for å unngå å verte biten av ungane. Dette er ei utbreidd misoppfatning. Rett nok kan hoa finne på å klatre opp i ein busk eller opp på ei grein når ho skal føde, men det er fordi tyngdekrafta vil hjelpe henne under fødselen, ikkje fordi ho er redd for å verte biten av ungane.
  • Hoggormen kan ta kjeven ut or led for å svelgje store bytte. Dette er ikkje rett. Hjå slangar er det nedre kjevebeinet todelt og kopla saman av ei sene slik at dei to delane kan verte strekt frå kvarandre. Kjevebeina er ikkje kopla direkte til skallen, men til eit anna bein, som igjen er kopla til skallen. Dette gjer at kjeven til slangar er svært tøyeleg når han skal gape over store bytte, men kjeven går ikkje ut or led.

Freding

Hoggormen er ein av tre slangeartar som lever fritt i Noreg, og den einaste giftige. Dei to andre slangeartane i Noreg er buormen og slettsnoken. Stålormen vert ofte teken for å vere ein slange, men han er ei øgle. Alle frittlevande slangar i Noreg er freda etter viltlova. Hoggormen er òg freda over det meste av Europa.

Kjelder

    Referansar

Litteratur

  • Bror Jonsson, Nils Christian Stenseth, Roar Solheim, Lauritz Sømme, Irene Inman Tjørve (2002). Verdens dyreliv (1 utg.). Cappelen Damm. ISBN 82-496-0037-1. 

Bakgrunnsstoff

Hoggorm: Utsjånad, Åtferd, Reproduksjon  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Hoggorm

Tags:

Hoggorm UtsjånadHoggorm ÅtferdHoggorm ReproduksjonHoggorm bitHoggorm Vanlege misoppfatningarHoggorm FredingHoggorm KjelderHoggorm LitteraturHoggorm BakgrunnsstoffHoggormArtGiftslangeHoggormfamilienNord-EuropaNorden

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RusslandMPeriferieininga SporadaneWattensKallesignalStore norske leksikonBjørnøyaAdministrativ inndeling i HellasJantelovenApeVM i alpine greiner 2019Peter GabrielRakettSunndalsøraTrekanthandelProgrammeringsspråket JavaSamuel MassieBuddhistiske høgtiderVrangianáItaliaVersaillestraktatenKoparSnow White and the Seven DwarfsKelly ClarksonPanserbataljonenHappy HumanForelskingEli Skolmen RygHlíðarfjallTatjana TomasjovaBukspyttkjertelenKyle WalkerE-postWienerklassisismenLavaSjangerDen gamle verdaMesonMuscat guvernementFlåten til Det Bergenske DampskibsselskabOrbitalSpeidarrørslaTsjasiv JarRígas Feréos i MagnisíaEikefjord idrettslagBergenJa, vi elsker dette landetIslandSigmaGeorg RiedelKjemisk formelRSSHarry HoleTenaza PeakTausAust-ArjithéaTidslinje over norsk historieKråkebolleSikhismenTromsø kommuneMarianegropaAtenGrunnstoffet tinnNasjonaldyrKommuneAnatomiske retningsskildringarDigital object identifierRoger KjendalenAtle HansenGunnhild SundliDomingos CastroTrepunktsopphengNederlandskEbba Hultkvist🡆 More