Dvale

Dvale er ein biologisk tilstand med sterkt nedsette livsfunksjonar og blir brukt av fleire dyr som ein måte å takla vanskelege tilhøve i miljøet på, som kulde eller tørke.

Dyr som er i dvale har nedsett næringsbehov og tærer på feittreservane sine i ei tid då føde er vanskeleg tilgjengeleg. Ein skil mellom «ekte dvale» (hibernering, vinterdvale), der andedrett, stoffskifte og kroppstemperatur går kraftig ned, og «vintersøvn» (uekte dvale), der stoffskifte søkk noko men kroppstemperaturen held seg nokså normal.

Dvale
Nordflaggermus i dvale på Modum i Noreg.

Dyr som går i dvale om vinteren er mellom anna bjørkemus, flaggermus, pinnsvin og hoggorm. Brunbjørn har vintersøvn. Lemurarten Cheirogaleus medius lever i dvale i opptil sju månader av året under den tørre vinteren på Madagaskar.

Fleire sniglar, krokodillar, salamandrar og andre dyr går i dvale under tørketida i tropiske strøk. Mange slangar kan også ha ein dvaleliknande tilstand med nedsett stoffskifte og aktivitet, men der dei ikkje søv.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

«hibernering» i Store norske leksikon, snl.no.

Kjelder

«dvale. – tilstand hos dyr» i Store norske leksikon, snl.no. «vintersøvn – zoologi» i Store norske leksikon, snl.no.

Dvale  Denne dyreartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

AndedrettStoffskifte

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SkandinaviaHarriet BackerAfrikaWikipediaBrødskiveEyvind JohnsonNotfiskeMaoismeEllen DeGeneresStarePakistanKvartalSildekongeVM i alpine greiner 2019Spesifikk varmekapasitetSofie MarhaugDurgaMegawattMoskvaTidvatnAnders AuklandNynorsk WikipediaDen islamske statenRaudstrupeTermisk diffusivitetEAsker kommuneNederlandBerlinblokadenAudrey HorneKjeleelvtindenPolenRakettBlåbærMidsommarDet ukrainske alfabetetHappy HumanTenaza PeakTatjana TomasjovaIne Marie WilmannHlíðarfjallEvnukkKapitalismeFaryngittEarl ScruggsVendlandDen austerrikske arvefølgjekrigenSamvirkelagHollandSamisk kulturGrunnstoffet tinnLundefuglAtenKvaeGunnhild SundliBergen kommuneMarie Antoinette23. aprilJohn ScofieldDonald TrumpKristiansund BallklubbAustraliaMiddelhavetKelly ClarksonJordskorpeplateVestlandetEmma WatsonBaronHomogeniseringNoreg🡆 More