Katta eller ringhalelemur (Lemur catta) er ein art i lemurfamilien i ordenen primat.
Katta | |
Ein katta sit på bakken i Berenty-reservatet på Madagaskar. | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sterkt truga Utbreiinga av katta | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Infraorden: | Lemuriformes |
Overfamilie: | Lemuroidea |
Familie: | Lemuridae |
Slekt: | Lemur |
Art: | Katta L. catta |
Vitskapleg namn | |
Lemur catta |
Han er den einaste arten i slekta Lemur. Katten lever på Madagaskar i galleri- og lauvskog.
Kattaen har storleik liknande ein katt. Han vert om lag 39-46 centimeter lang, medan halen er lengre enn kroppen med ei lengd frå rundt 50 cm og opptil 63 cm. Dyret har eit langt hovud som liknar på reven sitt, med ganske store auge og øyre. Øyra har tett hårvekst. Framtennene er er små, og alle har same storleik. Bakføtene er ein del lenger enn framføtene. Halen er dekt av eit lett kjenneleg svart og kvitt stripemønster. Pelsen er grå eller brunleg på ryggen av dyret, lysare på lemmane og gråkvit på buk, hender og føter. Nasen og ringen rundt kvart av auga er svarte.
Kattaer held seg i grupper på 5–30 dyr som blir styrte av hodyr. Dei styrker sosiale band og held seg varme ved å halda seg tett saman, i «ballar». Om morgonen varmar kattaene seg også gjerne ved å sola seg, då sit dei oppreiste med den kvite magen vend mot sola.
Dei finn først og fremst føde oppe i trea, men leiter også nede på bakken. Kattaer er altetande som nyttar dei matkjeldene som finst. Dei et mest frukt og blad, då særleg tamarindblad (Tamarindus indica).
Luktesansen er viktig for dyra. Dei bruker luktkjertlar til å markera territorium. Hannane har harde sporar nær luktkjertlane på armane, nær rista, som dei bruker til å skjera små spor i materiale med og leggja igjen luktspor. Kattahannar kan også påføra halen sin lukt og kjempa mot rivalar ved å vifta halen mot dei. Under paringstida tilnærmer dei seg hoer ved å vifta den luktande halen sin mot dei.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Katta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.