Breiøyre (Barbastella barbastellus) er ei flaggermus i glattnasefamilien.
Breiøyre | |
Breiøyre | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Status i Noreg: Kritisk truga Utbreiinga av breiøyre | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Flaggermus Chiroptera |
Familie: | Glattnasefamilien Vespertilionidae |
Underfamilie: | Vespertilioninae |
Stamme: | Plecotini |
Slekt: | Barbastella |
Art: | Breiøyre B. barbastellus |
Vitskapleg namn | |
Barbastella barbastellus Schreber, 1774 |
Flaggermusa lever i Europa, frå Portugal i vest til Kaukasus i aust og nord til Sør-Skandinavia, dessutan i Marokko.
Flaggermusa er ganske sjeldan i det meste av utbreiingsområdet. Ho lever helst i gammal skog, ein landskapstype som det vert mindre av. Breiøyre er difor rekna som nær truga på verdsbasis. Eit lyspunkt er at bestanden i Tyskland har vore i vekst etter reduksjon i bruk av insektmiddel der. Breiøyre er ein lite mobil flaggermusart, som ikkje vandrar langt. I Noreg var det ingen funn av arten mellom 1949 og 2008. Då vart det funnen eit individ i dvale i Larvik. Arten har seinare vore registrert der fleire gonger. Breiøyre er rekna som kritisk truga i Noreg og sterkt truga i Sverige.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Breiøyre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.