Furu

Furu, fure eller toll (Pinus sylvestris), ofte kalla tolle i Midt-Noreg, er ein planteart i furuslekta (Pinus).

Furu
Furu
Furu
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av furu
Utbreiinga av furu
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Slekt: Furuslekta Pinus
Underslekt: Pinus
Seksjon: Pinus
Art: Furu P. sylvestris
Vitskapleg namn
Pinus sylvestris

Denne arten er den einaste naturleg viltveksande furuarten i Noreg.

Utbreiing

Furu 
Eksemplar av ei furugrein.

Furu finst frå Storbritannia i vest, til Sibir i aust, Kaukasusfjella i sør, og Nord-Noreg i nord. I nord veks ho frå havnivå opp til 1000 moh.; i sør veks ho frå 1200 til 2600 moh. Ho finst i heile Noreg.

Utsjånad

Furua vert opp til 35 meter høg. Einskilde tre i særleg gunstig jord har vorte opp til 45 meter. Gamle tre har grov og mørkbrun skorpebork nedst og tynn, lyst raudlet bork høgare opp. Hokonglane sit på stutte skaft, er spisse, og går frå gulbrune til gråbrune i farge ettersom dei mognast.

Nålene er lange, og sit parvis i knippe.

Bruk

Furu er eit treslag med mange bruksområde, og er difor viktig for skogbruket. Det blir avverka store mengder furu i Noreg kvart år til bruk i industrien som materiale til bygg- og møbelproduksjon, papirmasse, og framstilling av tjære og terpentin.

Furuveden er særs rik på kvae. Tidlegare produserte ein såkalla alved ved å la kvista og toppkappa furustammer stå att på rot over fleire år slik at kvaa trekte opp frå rota og ut i veden. Slik vart mesteparten av virket impregnert og eigna seg såleis ypparleg som kledningsmateriale for hus og andre bygningar.

Anna

I Vesterålen veks dei eldste trea i Noreg. Det eldste av desse furutrea er frå år 1228, medan daude trestubbar går heilt tilbake til år 877.

Ord for ‘furu’

Sjå òg

Galleri

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Furu UtbreiingFuru UtsjånadFuru BrukFuru AnnaFuru Ord for ‘furu’Furu Sjå ògFuru GalleriFuru KjelderFuru BakgrunnsstoffFuruBiologisk artFuruslektaMidt-NoregPlante

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Selmer NilsenSvart kattISO 8601Verdas landJoseph HaydnKlima i AsiaHallingdansNéa ZíkhniLuganoAftonbladetPippi LangstrømpeJ.K. RowlingOrJamstellingsvedtaketEmma WatsonDen russiske bjørnenPolygamiHypernovaRubjerg Knude FyrKirsti BergstøFredrik SolvangKarbalaJonsereds Fabrikers ABInvesteringErling SteinveggPink FloydSevernaja ZemljaCaesareaOslo rådhusRussisk matGisøyaIngjald Ørbeck SørheimBanefartGrunnstoffliste etter atomnummerKaptein SabeltannKommunismeKelly ClarksonVisaltíaIndonesiaStareDet italienske flaggetBelgiaVersaillestraktatenNorsk fonologiEreksjonBorkPalestinaGasskonstantMekkaKristian ØdegårdJordbruksrevolusjonenKonservativBreiflabbInnlandECanberraNorskThor HeyerdahlPannemerke i hinduismenLønnKjerringa med stavenNynorskStaffan stalledrängNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Øystein SundeParlamentarismeLovAnne HoltStord kommuneAfroamerikansk litteraturDaniela Silivaș18. april🡆 More