Snipefamilien: Fuglefamilie

Snipefamilien er ein stor biologisk familie Scolopacidae av små til mellomstore vadefuglar med kosmopolitisk utbreiing.

Snipefamilien
Brushane (Philomachus pugnax) Foto: Marek Szczepanek
Brushane (Philomachus pugnax)
Foto: Marek Szczepanek
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Rafinesque, 1815

Dei omfattar flest artar med fellesnamnet sniper, dessutan steinvendarar, spovar, bekkasinar, rugder og symjesniper. Dei fleste av desse artane et små virvellause dyr plukka ut av gjørme eller jord. Ulike nebb frå art til art gjer det mogleg for fuglar av mange artar å beite i same habitat, særleg på kysten, utan direkte konkurranse om føda mellom artane.

Skildring

Sniper lever i strandsoner, langs kystar og i våtmarker. Berre få artar er tilpassa tørrare habitat. Kjenneteikna er generelt relativt lange bein og ofte middels til lange nebb for å søkje føde i jord, gjørme, tang eller under steinar. Dei lever av makk, blautdyr, krepsdyr, småfisk, insekt og insektlarver, og dels av føde frå planter. To symjesnipartar lever pelagiske utanom hekkesesongen. Nebba hos mange er kjenslevare, slik at fuglane føler seg fram når dei søkjer etter mat. Dei fleste artane har tynnt nebb, men elles er nebbform og lengd ganske variabel.

Sniper varierer i storleik frå pygmésnipe, på så lite 11 centimeter og 18 gram, til austspove, som kan bli opptil 66 centimeter i lengd og vege 1 kg. Dei har generelt lite iaugefallande fjørdrakter, med kryptiske brun, grå eller stripa mønster, sjølv om nokre viser klårare farger i hekkesesongen.

Mange artar hekkar på opent land og på den arktiske tundraen i Nord-Europa og Sibir, i resten av Europa finn ein sniper berre under fugletrekk og om vinteren i tette flokkar ved kysten og i våtmarker.

Dei fleste artane hekkar i opne område, og forsvarer territoria sine frå lufta. Reiret i seg sjølv er ei enkel grop i bakken der fuglen typisk legg tre eller fire kamuflasjefarga, konisk til ovalforma egg. Ungane av dei fleste artane er mykje utvikla ved klekking. Ungane forlèt reiret raskt og søkjer sjølv føde, men ein eller begge foreldre er i nærleiken for å overvake og å varme ungane. Hos dei fleste artane er begge foreldra involverte i omsut for egg og ungar. Blant unntaka, der berre hoa tar omsut for egg og ungar, er brushane. Og hos symjesnipene er rollene snudd. Her vil berre hannane ruge egga og deretter ha omsut for ungane.

Artslista

Snipefamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Snipefamilien: Skildring, Artslista, Kjelder  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Snipefamilien

Tags:

Snipefamilien SkildringSnipefamilien ArtslistaSnipefamilien KjelderSnipefamilien BakgrunnsstoffSnipefamilienArtBekkasinarBiologisk familieHabitatKosmopolitisk utbreiingKystNebbRugderSpovarSteinvendararSymjesniperVadefuglar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MarikkenBizkaiaNato-alfabetetFarkadónaEØSDen kalde krigenSpekkhoggarMAlf-Inge HålandHarald V av NoregHundEyvind JohnsonWiki CommonsBergenSystem of a DownEvnukkDet internasjonale fonetiske alfabetet27-årsklubbenVik kommunePilCelsiusSjølvstendeVM i alpine greiner 2019Microsoft WindowsSigmund FreudJohann Sebastian BachUbehaget i kulturenTsjasiv JarMjøsaAfghanistanTorvastad IdrettslagNasjonaldyrIranHlíðarfjallSymbol i hinduismenPanterSpedbarnPorsgrunnssangenNasjonalbiblioteketBererakettAstrid LindgrenFørste maiTeltSola kommuneNoregTaekwondoEtanolDesta Marie BeederBM-21Odd NordstogaOverarmsbeinMøre og Romsdal fylkeTauSosialdarwinismeTwitterXboxAlenHalsnøybåtenArjithéaØrsta kommuneElisabeth TerlandBrunNautisk milTutrakanLoddeHomogeniseringReinheitsgebotKjemisk formelLufttrykkSørøya i FinnmarkByar i OmanGoogleThe Times of IndiaAndre verdskrigenSilje NordnesElektronikkPeriferieininga Kardítsa🡆 More