Nord-Europa er den nordlege delen av det europeiske kontinentet.
Det har variert kva som har blitt rekna med, i dag reknar ein inn:
Dei sameinte nasjonane si statistikkavdeling definerer Nord-Europa som:
Før 1800-talet vart uttrykket «Nord» eller «Nordleg» nytta om Norden, Det europeiske Russland, Baltikum (på den tida Livland og Kurland) og Grønland.
I tidlegare tider, då Europa var dominert av Middelhavsområdet (t.d. Romarriket), vart alt som ikkje låg nær havet kalla Nord-Europa, inkludert Tyskland, Nederlanda og Austerrike. Denne tydinga vert stundom framleis nytta i visse samanhengar, som i omtale av Den nordlege renessansen. I mellomalderen nytta ein uttrykket (Ultima) Thule om ein halvvegs mytisk stad så langt nord på kontinentet ein kunne kome.
I EU vert Danmark, Sverige, Finland, Tyskland, Belgia og Nederland sett på som Den nordlege gruppa.
Danevirke og Den engelske kanalen vart ofte rekna som grensa mellom Nord- og Sør-Europa i vest, sidan områda sør for desse grensene vart styrt av frankarane under Karl den store, og mykje av området nord for grensa ein gong vart styrt av England under Knut den mektige.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nord-Europa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.