Turban

Turban (frå persisk دولبند‌, dulband; via mellomfransk turbant) er eit hovudplagg som har utgangspunkt i å vinda eit langt klede rundt hovudet.

Det finst mange variantar, og er tradisjonelt hovudplagg i ei rekkje ulike kulturar. Ein finn folkegrupper med framståande turbantradisjonar i Sør-Asia, Søraust-Asia, Den arabiske halvøya, Midtausten, Balkan, Kaukasus, Sentral-Asia, Nord-Afrika, Vest-Afrika, Aust-Afrika og blant ein del tyrkiske folk og askenasiske jødar.

Turban
Mann med turban i Madhya Pradesh.
Turban
Ulike turbantypar skildra i 1888.

Turbanbruk er utbreidd blant sikhar, både menn og kvinner. Hovudplagget har også religiøs tyding blant sjiamuslimar, som kan sjå på bruken av turban som ein sunnah fucadahass (stadfesta tradisjon). Turban er også tradisjonelt hovudplagg for lærde sufiar.

Plagget er også blitt brukt av adelege frå ulike bakgrunnar. Vidare har turban vore brukt som klesplagg av kvinner i vesten, dels som del av folkedrakt, dels som moteplagg og dels i samband med behandlingar og hårtap.

Historie

Opphavet til turbanen er uklart. Det finst bevis på at dei blei brukte i fleire eldgamle kulturar, som det gamle India, Mesopotamia, Sumer og Babylonia. Soldatar i den bysantinske hæren fortsette å bruka ein turban kjend som phakeolis i tida 400–600. Bysantinske sivile er avbilda med plagget i greske fresker frå 900-talet i provinsen Kappadokia i dagens Tyrkia, og det blei framleis brukt av dei gresktalande etterkomarane deira tidleg på 1900-talet.

I muslimsk tradisjon skal profeten Muhammad ha brukt ein turban som anten var svart eller kvit. Turbantradisjonen etter han er ein kalott med eit klede knytt rundt; dette hovudplagget blei utbreidd i den muslimske verda og blei særleg brukt av fleire muslimske herskarar og lærde. Ein kunne bruka musselin, silke eller anna fint tøy til å vikla turbanen.

Innan sikhismen som voks fram på 1500-talet er bruk av turban viktig. Sikhar brukte turban til dagleg og i krig. Dei heldt fram med å bruka turban når dei tenestegjorde i militæret i Britisk India, og andre delar av Det britiske imperiet. Denne bruken har tidvis kome i konflikt med lokale lovar og reglar, men sikhar har i fleire høve vunne løyve til å bruka turban med uniform og liknande. Turbanbrukande sikhar har likevel ofte blitt utsett for diskriminering på grunn av hovudplagget. For å spreia informasjon og velvilje til turbanen er det blitt halde turbandagar over heile verda, som den norske turbandagen.

Regionale stilar

Turban 
Kenyansk modell med turban i 2015.

I dag finst det turbanar i mange former, storleikar og fargar. Turbanbrukarar i Nord-Afrika, Afrikas horn, Midtausten, Sentral-Asia, Sør-Asia og dei filippinske Sulu-øyane brukar vanlegvis lange klesstykke som dei viklar om hovudet kvar gong dei tek han på. Klesstykka er vanlegvis under fem meter lange. Nokre forseggjorte sørasiatiske turbanar kan også ha permanent form og vera sydd til eit underlag. Turbanar kan vera svært store eller ganske nøysame i storleik, ut frå region, kultur, religion og høve.

Turban har også vore namnet på ein type hovudplagg brukt av kvinner i vestlege land. Denne typen turban var vanlegast på 1900-talet. Dei er vanlegvis sydde til eit underlag, slik at ein lett kan ta dei på og av.

Nord- og Vest-Afrika

Tuaregar og nokre nordlege berbarar, saharawiar, songhaiar, wodaabefolk, fulaniar og hausaer frå Nord- og Vest-Afrika bruker ulike turbantypar. Tuaregar dekkjer ofte fjeset for å halda støv unna. Den tuaregiske turbanen som gjer dette mogleg er kjend som tagelmust, og er ofte blå. Beduinarstammar i Nord-Afrika bruker tidvis brun-beige, kvite eller oransje turbanar.

Aust-Afrika

Turban 
Geistleg i den etiopiske ortodokse kyrkja med turban.

I Aust-Afrika blir turbanar ofte brukte av muslimske geistlege og av prestar i den etiopiske ortodokse kyrkja. Hovudplagget har ei lang historie i regionen, og blei ofte brukt av sultanar, vesirar og andre aristokratar og hoffolk. Nokre av desse adelsfolka var dei somaliske sultanane Mohamoud Ali Shire av Warsangali-sultanatet, Osman Mahamuud av Majeerteen-sultanatet og Yusuf Ali Kenadid og Ali Yusuf Kenadid av Hobyo-sultanatet. Viktige historiske muslimske leiarar som sheik Abadir Umar Ar-Rida har også brukt turban. Hovudplagget blir typisk brukt saman med maccawiis (sarong) eller jellabiya.

Ved Swahilikysten blei turban mykje brukt av dei omanske sultanane av Zanzibar og følgjet deira.

Den arabiske halvøya

Turban 
Menn med turban ved ei utstilling i Oman i 2016.

I dei fleste landa på den arabiske halvøya er det vanleg å nytta eit einsfarga eller rutete skjerf (kalla keffiyeh, ghutrah, shumagh eller chefiyah) på hovudet som vanlegvis ikkje blir rekna som ein turban. Den arabiske emamah-tradisjonen er likevel sterk i Oman, Sudan og nokre delar av den arabiske halvøya. Den farga turbanen ghabanah er ein vanleg tradisjonell turban i Hijaz, og er framleis del av drakta til innbyggjarar i byar som Mekka, Medina og Jidda. Ghabanah blir tradisjonelt brukt av handelsmenn og elles blant middelklassen, med unntak av religiøse lærde som har hatt særskilde turbantypar, vanlegvis kvitfarga. Hijazi-turbanar i ulike fasongar blir rekna som arv etter profeten Muhammed, som budde i Mekka og Medina. Det finst fleire typar ghabanah, der den kanskje mest kjende er den gulfarga (halabi) som er laga i Aleppo og kjenneteikna av ulike innskrifter, og vikla over ein kuppelforma hol taqiyah, tyrkisk fess eller kalpak. Fargerike turbanar kalla masar er del av nasjonaldrakta i Oman, og er også vanlege i nokre delar av Sør-Jemen og Hadhramaut. Ein kvit ghutrah eller shumagh er vanleg å vikla i hamdaniyah-stil, noko som også er turbanforma i Dei sameinte arabiske emirata.

Afghanistan

Turban 
Afghansk lungee-tildeling

Turban eller lungee er del av nasjonaldrakter i Afghanistan. Plagget er vanlegare enn mange andre stader i den muslimske verda, og finst i mange ulike stilar og fargar. Søraust i landet har ein laust vikla, store turbanar, medan i Kabul er plagget vanlegvis mindre og stramare. I tradisjonell afghansk kultur kan ein også ha eit ekstra tøystykke, ein patu, som kan ha praktiske føremål som å ha rundt kroppen mot kulde, sitja på, binda fast eit dyr eller til å bera vatn med seg i. Ulike folkegrupper i Afghanistan bruker ulike typar stoff med ulike mønster, fargar og lengder til turban. Menn frå alle grupper unngår som regel fargesterke turbanar som kan vekka oppsikt, og bruker i staden enkler fargar som kvitt, off white, grått, mørkeblått og svart.

Marineblått er ein farge som særleg er knytt til nihangar blant sikhar og symboliserer krig og teneste, medan svart er knytt til motstand, oransje til offer og martyrdom og kvitt med visdom, alder, død eller fred. I fredstid eller samlingar for fred nyttar ein ofte krigsfargen, blått.

Sør-Asia

I Bangladesh er turban kjend som pagri, eller fagri i Chittagong- og Sylhet-distrikta. Pagri blir brukt av religiøse leiarar og predikantar for islam. Den vanlegaste fargen er kvit, medan sufiar gjerne bruker grøne turbanar. Hovudplagget blir også brukt av eldre på landsbygda, og er eit symbol på æra og respekten som tilkjem dei.

India

Turban 
Indisk mann med ein turban i paggar-stilen frå Rajasthan.

I India blir turban gjerne kalla pagri, og er eit hovudplagg brukt av menn som blir vikla for hand. Det finst fleire stilar knytte til region og religion, og dei varierer i form, farge og storleik. Nokre døme er Mysore-peta, Marathi-pheta og puneri pagadi. Pagri er eit symbol på ære og respekt overalt der han er i bruk. Det er vanleg å æra viktige gjestar ved å gje dei ein turban.

Fargar blir ofte valde for å passa til høvet kring bruken. Safran kan til dømes knyttast til mot eller offer (martyrdom), og kan brukast under folkemøte; kvitt kan knyttast til fred, og er ofte brukt av eldre; og rosa, som er knytt til våren, blir ofte brukt på denne årstida eller i samband med bryllaup.

Nepal

Turban blir vanlegvis brukt av menn i landlege område i Nepal, og er vanleg blant bønder. Landsbygd-turbanen er kjend som anten pagdi eller pheta. Alle typar farga klede kan brukast til turban. Historisk pleidde gorkhali-adelsfolk å bruka ein kvit turban kalla shirpau tildelt av kongen av Nepal. Til dømes blei sardar Ram Krishna Kunwar gjeven 22 slike hovudplagg av gorkhali-monarken maharajadhiraj Prithvi Narayan Shah.

Pakistan

I Pakistan er turbanen utbreidd i bruk, særleg på landsbygda. Han finst i ulike stilar og fargar gjennom heile landet og kan variera etter region, slik at ein til dømes føretrekk svarte og kvite turbanar nord i landet. Den vanlegaste turbanen i Pakistan er kvit og utan merke. Han blir særleg brukt i pashtun-beltet og av eldre og føydalherrar i landlege Punjab og Sindh. Turbanar blir kalla pagri eller pag av punjabiarar, medan pashtunar kallar dei patkay.

Balutsjar er kjende for sine store turbanar som har begge endane hengange ned frå sidene eller laust over brystet. Desse turbanane blir laga av fleire fot lange klede som blir vikla rundt ei hue, og er vanlegvis laga av kvitt klede.

Søraust-Asia

Turban 
Mien-kvinner i i Laos med turban.

I Malaysia er plagget kjent som serban, og blir brukt både av sikhar og visse muslimske leiarar.

I Myanmar er turban kjend som gaung baung, og finst i fleire regionale stilar.

Turban 
Toangoar frå Nord-Sumatra. Illustrasjon frå 1896.

Indonesia

På Java blir hovudplagg av turban-typen for menn tradisjonelt kalla iket. Dette tyder bokstaveleg talt å knyta, som er den viktigaste måten å festa kledet til hovudet på. Iketen blir laga med eit kvadratiske eller rektangulært batikklede som er bretta ein gong til ein trekant. Det finst mange ulike måtar å knyta plagget og dermed forma iketen på, og desse kan ofte seia noko om kva sosial stilling brukaren har og kvar han kjem frå. Opphavet til plagget er ukjent, men fleire kjelder peiker på turbanbrukande handelsfolk frå Gujarat som kom til Indonesia for over 500 år sidan som eit opphav.

På Aust-Java lagar ein gjerne hovudplagget på den tradisjonelle måten og kallar han udeng. På andre delar av Java har iket utvikla seg til eit fastsydd plagg som blir kalla blangkon på Sentral-Java og bendo på Vest-Java. Batikkledet plagget blir laga av blir gjort stivt gjennom ein prosess av forming, festing til stivt papir og saum. Som iket finst blangkon og bendo i fleire ulike former knytte til opphavsstaden og rangen til brukaren.

Filippinane

På Filippinane har turban ei lang historie knytt til innfødde austronesiske (malayo-polynesiske) kulturar, og forsterka med kulturell påverknad frå resten av maritime Søraust-Asia (særleg Java, Borneo og Sumatra), India, Arabia, Kina og Persia gjennom ulike delar av filippinsk historie.

Den vanlegaste turbanen brukt av muslimske filippinske kvinner blir kalla kombong, og er del av den tradisjonelle hijaben til muslimske kvinner i Davao-området på Mindanao (knytt til maranao, maguindanao og iranunfolk). Kombong blir vikla om hovudet og brukt saman med tudong, eit plagg ein vanlegvis har over brystet eller skulder, men tek over kombongen i samband med bøn, eller når ein vil ha ekstra tilsløring. Ein kvit kombong symboliserer at beraren er ein hadsja som har utført valfart til Mekka.

For menn er den vanlegaste turbantypen kjend som putong, potong eller pudong. Putong blei historisk brukt av menn frå nesten alle dei største folkegruppen i landet, som bisaya, tagalog og ilocano, før midten av 1600-talet, men gjekk tilbake for den vestlege hatten etter at katolisismen kom inn nord i landet og under den påfølgjande koloniseringa under spansk og seinare amerikansk styre. I tida før kolonisering blei pudong farga i særskilde fargar som stod for den sosiale kasten til beraren. Blått blei berre brukt av adelsklassen maginoo, raud putong blei brukt av krigarklassen maharlika, og andre fargare som gult eller naturfarge blei brukt av høvesvis timawa, frimann/raidarkaste, og alipin, slavekastane.

I dag blir turban først og fremst brukt av muslimske filippinske menn, særleg av imamar og medlemmer av ulamaen (islamske lærde), men han kan også brukast av ikkje-muslimar. Blant muslimar kan putongen fortelja noko om statusen til brukaren. Muslimske menn og imamar som har utført hadj har tradisjonelt byrja å bruka keffiyeh som putong. Denne har dei vanlegvis kjøpt medan dei var i Saudi-Arabia for å visa at dei er hadsjiar. Denne praksisen har byrja gå tilbake fordi yngre militante jihadistgrupper i sør har brukt keffiyeh for å visa at dei er med i ekstremistiske takfiri-grupper.

Dei før-koloniske kleda blir også brukt av ikkje-muslimske lumad- og igorot-hovdingar og høgtståande individ i samband med feiringar eller spesifikke ritual. Desse putongane eller turbanane kan vera forseggjort utforma, og kan vera statussymbol for brukaren.

I den sørlege delen av landet, på Sulu-øyane, Tausug og Yakan bruker menn pis syabit, eit dekorert hovudtørkle brukt som turban eller bandana.

På nokre Babuyan-øyar heilt nord i landet bruker overhovudet for eit hushald ein kvit turban, medan yngre menn og gutar ber raud turban etter at dei har fylt 13. Dei tre hovdingane bruker alle gule turbanar. Turbanane blei opphavleg laga av lokalt borkeklede, men er no laga av bomull eller silkestoff frå det filippinske fastlandet. Kledet blir vikla rundt hovudet og enden stappa inn framme.

Vietnam

I tillegg til ulike hattar blei turbanar også brukt av den vietnamesiske majoritetsgruppa kinh, med nemningane khăn vấn eller khăn đống på vietnamesisk. Opphavleg var dei klesstykke som ein vikla om hovudet kvar gong ein brukte dei, men frå 1900-talet av blei dei erstatta av ferdigvikla versjonar ein kunne ta på seg med ein gong. Liknande turbanar blir brukte av nabofolk i Nord-Vietnam og Sør-Kina, som zhuang-, hmong- og yifolk. Turbanar er også vanleg blant fleire folkegrupper i andre delar av Søraust- og Nodaust-Asia.

Vest-Asia

Turban 
Bondefamilie i Ramallah i 1900-åra. Mennene har turban.

I Armenia stammar mykje av kulturen og tradisjonane frå Midtausten. Turban er ikkje vanlege daglegklede, men blir tidvis brukt av menn i seremoniar, som identitetssymbol under feiringar eller høgtider. Før Armenia blei kristent var bruk av turban vanlegare.

Kurdarar bruker ein turban som dei kallar jamadani. Han blir brukt på mange ulike måtar i ulike delar av Irakisk Kurdistan ut frå den lokale stilen. Barzani-kurdarar er til dømes ein stamme som ber turban i ein farge (som raud og kvit) og stil som er typisk for deira klan. I mesteparten av Sør-Kurdistan blir det brukt eit svart-kvitt mønster for jamadaniar. Dei fleste kurdiske turbanar er danna av eit langt stripete klede kalla kolāḡī som blir vikla rundt ein konisk hatt; duskane ved enden av kolāḡīen kan henga over ansiktet. I moderne tid bruker mange kurdarar svart-kvite ghutraer (keffiyeh) til å laga turban.

Europa

Turban 
Hovudplagg i «a la turque»-stil frå ca. 1820, påverka og inspirert av interessa for orientalsk kultur, blei populær på 1820-talet.

I Storbritannia har turbanar blitt brukte av kvinner og menn sidan 500-talet, utan at dei nokon gong blei svært utbreidde. Diktaren Alexander Pope og andre samtidige menn blei tidvis avbilda med turban i måleri og illustrasjonar. Bruken av turban ved mindre formelle høve blant gentlemenn på denne tida spegler at dei hadde kortklipte eller barberte hovud slik at dei kunne bruka dei overdådige parykkane som var på mote i Europa frå rundt 1650 til 1750, og ein turban kunne vera nyttig til å dekka hovudet når ein ikkje brukte parykk.

Ei tid sist på 1700-talet og ved byrjinga av 1800-talet var turban eit moteplagg i Europa, særleg brukt av kvinner.

Hellas

På den greske øya Kreta har menn tradisjonelt brukt ein turban kalla sariki. Namnet kjem frå sarık, det tyrkiske ordet for turban. I dag blir han vanlegvis kalla kritiko mandili (kretisk tørkle). Plagget er ikkje i vanleg bruk blant yngre folk, men blir mest brukt av eldre menn i avsides fjellandsbyar.

Fiji

Innfødde iTaukei-pretar og høvdingar brukte hovudplagg liknande turban, i-sala, som var laga av masi (borkeklede).

Religiøs bruk

Kristendom

Turban 
Kristen mukurinu (eintalform av akurinu) på Swahilikysten med turban.

I nokre orientale ortodokse kyrkjer som den koptiske. den etiopiske og den syrisk-ortodokse kyrkja er turban del av den tradisjonelle prestedrakten. I Kenya bruker den kristne retninga akurinu turban som eit religiøst hovudplagg. Det offisielle namnet på retninga er The Kenya Foundation Of The Prophets Church eller Holy Ghost Church. Både menn og kvinner ber kvite turbanar.

Islam

I muslimske kulturar ber ein del menn hovudplagg i turbanstil til minne om profeten Muhammad, som skal ha brukt ein svart eller kvit turban. Ein kan vikla desse plagga om hovudet på ulike måtar, og dei kan ha ulike namn ut frå region og kultur. Nokre døme er arabisk `emãmah (عمامة, persisk دستار‎).

I sjiaislam blir eit svart hovudklede vikla rundt ein liten kvit hatt brukt av alle etterkomarane av Muhammad, kjende som sayyidar, medan lærde og andre utdanna personar bruker kvit turban. Sufiar bruker ofte eit grønt klede rundt ein liten hatt, eller berre eit grønt klede. Medlemmar av rørsla Dawat-e-Islami brukar også grøne turbanar. Medlemmar av Sunni Dawate Islami, som braut ut frå Dawat-e-Islami i 1992, bruker kvite turbanar.

Jødedom

Turban 
Algerisk jøde med turban fotografert ca. 1892.

Den jødiske øvsteprestene som gjorde teneste i Tabernakelet og Tempelet i Jerusalem brukte eit hovudplagg kalla mitznefet מִצְנֶפֶת når han gjorde dette. Plagget var truleg ein slags turban, ettersom ord kjem frå ei rot som tyder 'å vikla'.

I Den hebraiske Bibelen er turbanen brukt av øvstepresten mykje større enn hovudplagga til dei andre prestane, og vikla slik at han lager ei brei flate på toppen som minnar om ein blome. Hovudplagga til prestane danna ei kjegle og blei kalla migbahat.

Prestekrona (hebraisk tzitz צִיץ, 'blome') blei festa til turbanen med to sett av blå band, eit som gjekk over toppen av hovudet og den andre rundt sidene av hovudet på nivå med øyra. (Andre mosebok 39:31).

Jødar som levde under arabisk styre i mellomalderen, som i muslimsk Spania, brukte turbanar og hovudplagg som likna mykje på dei til dei muslimske naboane sine.

Ein del gifte jødiske kvinner bruker turban for å dekka til håret etter religiøse reglar.

Hinduisme

Turban 
Asket eller heilag mann i India med turban med heilage symbol.

Innan hinduismen kan turbanar vera viktige for mange radjputar og gurdjarar frå Rajasthan, som er eit særs varmt område. Ein kan også bruka ulike turbantypar i ulike delar av India, i samband med ulike markeringar.

Rastafari

Medlemmar av Bobo Shanti mansion innan rastafarirørsla har langt hår og skjegg, og bruker ofte turbanar over håret sitt, som ofte er i dreadlocks. Dei blir ikkje tekne av offentleg.

Sikhisme

Turban 
Sikh med ein darbara singh dumala

Turbanar brukt av sikhar, kjende som dastar eller dumalla, kan visa andre at dei representerer sikh-læra, kjærleik til guruen og påbodet om å gjera gode gjerningar. Både menn og kvinner kan bera turban. Eit anna føremål med plagget kan vera å verna om det lange håret til ein del sikhar, som følgjer eit bod om å ikkje klippa det. Bruk av turban er påbode for alle medlemme av khalsaen (døypte sikhar).

Turbanar blei tidlegare mest brukt av overklassen, og mange menn i den kulturelle eliten ber framleis turbanar. Dette skiljet mellom turban-berande overklassefolk (sardar) og allmugen blei forsøkt oppheva av guru Gobind Singh, som erklærte kvar einaste sikh som ein sardar.

Turban 
Sikh-mann og kvinne med turbanar.

Dei vanlegaste turbanfargane brukte av sikhar er blått, kvitt og svart, men andre fargar kan også brukast. Fargen på turbanen kan visa til at ein er knytt til ei viss retning, men ingen av dei vanlegaste fargane er knytte til berre ei gruppe.

Blått og gult er særleg prestisjefylte, og blir ofte brukte ved religiøse høgtider som baisakhi. Kvite turbanar kan visa til at brukaren lever eit eksemplarisk liv. Blå turban kan stå for at beraren har eit sinn ope som ein blå himmel, utan plass for fordommar. Svart turban kan stå til minne om den britiske forfølginga av sikhane i 1919, og står for audmjuke. Basanti eller gule turbanar er knytte til den revolusjonære rørsla. Rosa turban blir gjerne brukt til familiefeiringar som bryllaup. Grønt står for bønder, oransje og svart er ganske vanlege å bruka ved politiske møte. Ein kan også velja farge etter personleg smak eller kva som passar med resten av klesdrakten. Akali Nihang-sikhar dekorerer turbanane sine med små våpen kalla shastar.

Kjende turbanbrukarar

Turban 
Camila Batmanghelidjh med turban.

Einskildpersonar kan bli kjende for å bruka turban. Den britiske sosiale entreprenøren Camila Batmanghelidjh er til dømes kjend for sin fargerike turban.

Den colombianske politikaren Piedad Cordoba er kjend for å bruka turbanar eller liknande hovudplagg. Turbanbruken hennar har gjort henne så særmerkt at ho har fått kallenamnet «kvinna med turbanen» i colombiansk kultur.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

Turban HistorieTurban Regionale stilarTurban Religiøs brukTurban Kjende turbanbrukararTurban Sjå ògTurban KjelderTurbanAskenasarAust-AfrikaBalkanDen arabiske halvøyaHovudplaggKaukasiaMellomfranskMidtaustenNord-AfrikaPersiskSentral-AsiaSør-AsiaSøraust-AsiaTyrkiske folkVest-Afrika

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det indiske kastesystemetGuvernørArnold SchwarzeneggerFred AstaireAndHenning MankellSkjørbuksurtNapoléon BonaparteBrest i FrankrikeNatriumhydroksidTunhovdSlaget ved SvolderOffentleg eigedomBjørnNordaustpassasjenOrAndre verdskrigenSkjærtorsdagDet tyske herrelandslaget i fotballHesjeLagerthaRustfritt stålUllevaal StadionHepatitt C-virusNike, Inc.GurdvaraSåpeKvartalNedbørTidlegare kommunevåpen i NoregMitokondriumDusjanbeSeglfartøyet jaktOrganisasjonen av oljeeksporterande landTrude DrevlandFri programvareVik kommuneTropisk syklonFredrik II av PreussenGabrielMorten SandøyHalsÉdith PiafFarmorErna SolbergGrosgrainMøteplassDen europeiske unionenNederlandBuddhismenHarald V av NoregMelhus kommuneIsbjørnÆrfugl2. aprilTolvfingertarmMarit BjørgenKirunaTurn under Sommar-OL 1980EpídavrosMagnus MarsdalGrunnstoffliste etter namnNorrøntJesusMonogamiWikipediaMalawiRonja RøverdatterCosta RicaLepsøyaHotel CaliforniaHaltenbanken🡆 More