Eddadikt eller eddakvede er dikt frå norrøn tid som handlar om ulike ting frå den norrøne mytologien.
Dikta er truleg blitt overleverte munnleg i fleire hundre år før dei blei skrivne ned av prestar og munkar på Island rundt 1200-talet.
Dikta er bygde opp på bokstavrim (alliterasjon), og nokre av dei best kjende er Trymskvida, Voluspå og Håvamål (den høges tale). Trymskvida er eit komisk verk, medan Voluspå handlar om korleis verda blei til og skal gå under. Håvamål er det diktet der Odin fortel folket korleis dei skal leve.
Eddadikta har fått namna sine frå boka om skaldekunst skrive av Snorre Sturlason, Edda. Boka blir nå kalla den yngre edda ettersom ei eldre bok med meir fullstendige dikt, den eldre edda, blei funne seinare.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eddadikt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.