Agatha Christie

Agatha Mary Clarissa Christie (15.

september 1890–12. januar 1976), fødd Miller, var ein engelsk forfattar. Som Agatha Christie blei ho verdskjend for kriminalforteljingane sine, særleg dei om detektivheltane Miss Marple og Hercule Poirot, og har fått tilnamnet «Krimdronninga», the Queen of Crime. Christie gav ut over åtti bøker som er blitt omsette til meir enn hundre språk, og er med rundt fire milliardar selde bøker blitt rekna som den besteseljande enkeltforfattaren av bøker gjennom tidene. Ei rekke av forteljingane hennar er blitt filma og laga om til fjernsynsseriar. Christie gav òg ut stoff, særleg ikkje-krim, under løyndenamnet Mary Westmacott.

Agatha Christie
Agatha Christie
Pseudonym Mary Westmacott
Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 15. september 1890
Torquay, Ashfield
Død

12. januar 1976 (85 år)
Winterbrook, Wallingford

Yrke sjukepleiar, skribent, romanforfattar, manusforfattar, dramaturg, prosaforfatter, sjølvbiograf, lyrikar, skodespelforfattar, krimforfatter, arkeolog
Språk engelsk
Sjanger Kriminalroman, eventyrroman, sjølvbiografi, detektivforteljing
Medlem av Royal Society of Literature
Far Frederick Alvah Miller
Mor Clarisa Margaret Boehmer
Ektefelle Max Mallowan, Archie Christie
Born Rosalind Hicks
Signatur
Agatha Christie på Commons

Liv

Agatha Christie 
Christie blei døypt i All Saint's Church i Torquay.
Agatha Christie 
Minnesmerke til Agatha Christie i Torre Abbey i Torquay.

Agatha Miller var fødd i Torquay i det engelske grevskapet Devon som den yngste av tre. Foreldra var den amerikanske meklaren Frederick Alvah Miller og den britiske offisersdottera Clarissa Margaret Boehmer. Faren døydde då ho var elleve år gammal.

Familien Miller var rimeleg velståande, og Agatha fekk utdanninga si heime, før ho blei send til skole i Paris som sekstenåring. Ho lærte å snakka godt tysk og fransk og å spela piano, og mora tenkte seg at dottera kunne bli songarinne, samtidig som ho også oppmuntra henne til å skriva. Heimen hadde ei stor boksamling, og som ung las Agatha mykje. Særleg likte ho forteljingane om Sherlock Holmes.

Agatha var først forlova med majoren Reggie Lucy, men gifta seg med Archibald Christie, som var løytnant i luftvåpenet, den 24. desember 1914. Medan han var jagarpilot under den første verdskrigen, fekk ho arbeid som sjukepleiar. Dei to fekk dottera Rosalind i 1919. Ekteskapet var ikkje lukkeleg, og dei skilde seg i 1928. Saman med mora sin død skal oppdaginga av at Archibald var utru ha ført til eit samanbrot der Agatha mista minnet.

Agatha Christie gifta seg igjen i 1930, med den Max Mallowan, ein ung og lovande arkeolog. Dei reiste mykje rundt saman, til dømes i Egypt og Irak, og fleire av bøkene til Christie er lagde til desse stadene. Dei to flytta tilbake til England i 1950-åra, då helsa til Christie blei skralare.

I 1971 blei Agatha Christie adla som Dame Commander of the Order of the British Empire. Ho døydde i 1976, 85 år gammal, i Cholsey nær Wallingford i Oxfordshire, der ho også blei gravlagd.

Forfattarskap

Agatha Christie 
Samling av nokre Christie-bøker.

Det var medan ho arbeidde på sjukehus under første verdskrigen at Christie fekk idéen om å skriva ei bok. Den blei ferdig på eitt år, men kom først ut fem år seinare, i 1920, og blei populær. Hovudpersonen i boka var den særprega belgiaren Hercule Poirot, som skulle bli hennar mest populære detektiv. Christie brukte farmasikunna si i denne og ei rekke andre historier ved å la mordet utførast med gift.

Etter dette skreiv forfattaren ei blanding av kriminal-, spennings- og spionforteljingar. Desse gjorde ikkje så stort inntrykk som den nye Poirot-boka The Murder of Roger Ackroyd, som kom ut i 1925. Mordmysteriet og den uventa løysinga skapte ein sensasjon i England, og er blitt hylla som eit meisterverk i krim.

I 1930 introduserte Christie ein ukonvensjonell person til å løysa krimgåtene sine, den eldre frøkna Miss Marple. I tillegg til Poirot og Marple hadde ho ein del mindre brukte heltar, som Tommy og Tuppence og Parker Pyne, og nokre krimgåter utan ein særskilt etterforskar. Ho gjekk likevel etter kvart vekk frå det breie heltegalleriet sitt og konsentrerte seg om dei som fungerte best, særleg Poirot, som ho til slutt skreiv over tretti bøker om.

På same måte som Conan Doyle blei lei av Sherlock Holmes byrja også Christie etterkvart å mislika Poirot sterkt, men ho gjekk aldri så langt som å ta livet av den populære detektiven, slik Doyle prøvde. I staden skreiv ho eit siste mysterium for Poirot (og eitt for Miss Marple) under andre verdskrigen som skulle gjevast ut etter at ho døydde, men heldt fram med å gje dei mange lesarane sine det dei ville ha.

Åra mellom 1934 og 1941 er blitt kalla gullalderen til Christie, og ligg nær gullalderen til detektivromansjangeren. I denne perioden skreiv ho The ABC Murders, Murder in Mesopotamia og Ten little niggers (And Then There Were None), som er blitt rekna som krimklassikarar.

Under andre verdskrigen skreiv Christie fleire bøker om Miss Marple og gav Poirot ein pause. Etter krigen var ho mykje i Midtausten, og la handlinga der. I dei seinare åra av forfattarskapet er produksjonen hennar rekna som meir blanda, sjølv om ein også her finn utsøkte mysterium, som The mirror crack'd from side to side og The Clocks.

Tema

Forteljingane til Christie handlar gjerne om eitt eller fleire mord der ein prøver å finna gjerningsmannen. Ho har likevel òg skildra mindre brotsverk, som tjuveri og forfalskingar, og store konspirasjonar, der vonde organisasjonar har samansverga seg mot verda. Bøkene inneheld lite vald og gru, sjølv om dei dreier seg om drap. Det meste av handlinga går føre seg i rolege omgjevnadar, i heimane til rimeleg velståande folk, på reiser eller på kontor.

Krimhistoriene går gjerne føre seg i eit lukka selskap, der ein eller fleire av personane må vera skuldig. Forfattaren hadde som sin spesialitet å overraska lesaren med kven som stod bak brotsverket. Ho kunne kunsten å villeia både sine eigne hovudpersonar og dei som las, slik at mordaren nesten alltid var den ein minst hadde venta.

I tillegg til å utforska ei kriminalgåte, gjev Christie ein smak av den engelske samtida si, med eit vaklande klassesystem, aukande tenarmangel, fordommar mot utlendingar og andre observasjonar.

Miljø

Agatha Christie 
Rommet i Pera Palas Hotel i Istanbul, der Christie skreiv Murder on the Orient Express.
Foto: Steve Hopson

Ein stor del av bøkene til Christie finn stad på den engelske landsbygda, typisk blant overklassen, der morda gjerne finn stad i eit herskapshus. Mange forteljingar er lagt til området rundt Torquay i Devon, der ho voks opp. Dei ulike landsbyane i forteljingane til Christie er alle bygd over ein lest, som isolerte, «typisk engelske» småsamfunn med fleire folk over middelalderen enn under, stor tettleik av bridgespelarar og prestar, og eit konservativt samfunnssyn tett opp mot Christie sitt eige er gjeldande.

På grunnlag av åra ho var meir eller mindre busett i Midtausten la Christie også fleire soger dit, der Death Comes as the End (norsk Det ender med døden) går føre seg i det gamle Egypt. Nokre mysterium finn også stad blant eit reiseselskap, som i Murder on the Orient Express (Mord på Orientekspressen), ei bok som blei skriven i Istanbul i Tyrkia, den sørlege endestasjonen for denne toglinja.

Stil

Christie er blitt skulda for å skriva «flate» personlegdommar og enkle forteljingar. Nettopp dette kan vera årsaka til populariteten hennar. Ved å bruka eit avgrensa ordforråd, lite detaljskildring men i staden mykje naturleg samtale og repetisjon, let ho lesaren konsentrera seg om mysteriet. Ved å ikkje skildra personane eller stadene som opptrer for mykje, blir forteljingane meir tidlause, og lettare å skjøna for lesarar frå ein kvar bakgrunn. Verka til Christie merker seg også ut ved å bruka koselege heller enn valdsame ord, trass i drapa og valden ho skildrar.

Rekordar

Agatha Christie blei populær frå ho gav ut første boka si. Den første boka, The Mysterious Affair at Styles (1921) gjekk inn på bestseljarlista i 1922, og etter det var Christie aldri ute av lista gjennom resten av livet sitt. Christie gav ut over åtti bøker som er blitt omsette til meir enn hundre språk, og har selt om lag fire milliardar bøker til saman. Ho er rekna som den besteseljande enkeltforfattaren av bøker gjennom tidene av mellom anna Guinness rekordbok, og er lista som den mest omsette enkeltforfattaren av UNESCO, berre overgått av Walt Disney-konsernet.

Skodespelet The Mousetrap hadde premiere i London i 1952 og er sidan blitt spelt utan stopp, slik at det med over 20 000 framføringar i 2008 har rekorden for den lengste opningssesongen for noko teaterstykke.

Ten Little Niggers, som seinare fekk det mindre støytande namnet And Then There Were None, er med over 100 millionar selde kopiar rekna som den bestseljande krimboka gjennom tidene.

Verk

Krimforteljingar

  • The Mysterious Affair at Styles 1920, norsk Stylesmysteriet, 1924
  • The secret adversary, 1922, norsk Den hemmelige fiende, 1974
  • Murder on the links, 1923, norsk Den åpne graven, 1974
  • The man in the brown suit, 1924, norsk Mann i brun dress, 1974
  • Poirot investigates, 1924, norsk Det egyptiske gravkammeret og andre Poirot-mysterier, 1983
  • The secret of chimneys, 1925, norsk Brevet som drepte, 1974
  • The Murder of Roger Ackroyd 1925, norsk Doktoren mister en pasient, 1938
  • The big four, 1927, norsk De fire store, 1983
  • The mystery of the blue train, 1928, norsk Mysteriet på Monte Carlo-ekspressen, 1952
  • The seven dials mystery, 1929, norsk Ugler i mosen, 1950
  • Partners in Crime, 1929, norsk Mannen som var nr 16, 1983
  • The Mysterious Mr. Quin, 1930, norsk De dødes advokat, 1976
  • The Murder at the vicarage, 1930, norsk Mordet i prestegården 1932, Mord i prestegården
  • The Sittaford mystery, 1931, norsk Sittafordmysteriet, 1975
  • The Thirteen Problems, 1932, også The Tuesday Night Club Murders, norsk Tretten mysterier, 1974
  • Peril at End House, 1932, norsk Nick Buckleys skjebne, 1933, Snikende død, 1950
  • Lord Edgware dies, 1933, norsk Tretten til bords, 1939
  • Murder on the Orient Express, 1934, norsk Mord på Orientekspressen, 1975
  • Why didn't they ask Evans?, 1934, norsk Hvorfor spurte de ikke Evans?, 1948
  • Parker Pyne investigates, 1934, norsk Parker Pyne ordner opp, 1983
  • The Listerdale mystery, 1934, norsk Listerdalemysteriet , 1977
  • Three act tragedy, 1935, norsk Tragedie i tre akter, 1975
  • Death in the Clouds, 1935, norsk Døden i flyet, 1951
  • The ABC Murders, 1935, norsk Mord etter alfabetet, 1964
  • Murder in Mesopotamia, 1936, norsk Hvem skrev til Louise?, 1938
  • Cards on the table, 1936, norsk Kortene på bordet, 1957
  • Dumb witness, 1937, norsk Det tause vitne, 1976
  • Murder in the mews, 1937, norsk Den umulige forbrytelse, 1974
  • Death on the Nile, 1937, norsk Hun fulgte efter, 1938, Mord på Nilen, 1957
  • Appointment with Death, 1938, norsk Stevnemøte med døden, 1955
  • Hercule Poirot's Christmas, norsk Guds kvern maler langsomt, 1951
  • Murder is easy, norsk Hevet over mistanke, 1939, Mord er ingen sak, 1976
  • Ten little niggers, 1939, seinare And Then There Were None, norsk Ti små negerunger, 1947, Ti små negerbarn
  • The Regatta Mystery, 1939 (samling av fleire tidlegare noveller, blei ikkje gjeven ut i Storbritannia)
  • Sad Cypress, 1940, norsk Kom til meg, død, 1965
  • One, two, buckle my shoe, 1940, også An Overdose of Death, norsk Siste time hos tannlegen, 1976
  • Evil Under the Sun, 1941], norsk Solen var vitne, 1952
  • N or M, 1941, norsk N eller M, 1957
  • The body in the library, 1942, norsk Liket i biblioteket, 1947
  • Five little pigs, 1943, også Murder in Retrospect, norsk Fem små griser, 1953
  • The moving finger, 1943, norsk Mord pr. korrespondanse, 1947
  • Towards zero, 1944, norsk Mot nullpunktet, 1974
  • Death Comes as the End, 1944, norsk Det ender med døden, 1947
  • Sparkling Cyanide, 1945, norsk Giftige krystaller, 1975
  • The hollow, 1946, norsk Lunsj for Poirot, 1967
  • The Labors of Hercules, 1947, norsk Den nemeiske løve og andre Poirot-bedrifter, 1983, Den nemeiske løven
  • Taken at the flood, 1948, også There Is a Tide..., norsk Mannen fra Cape Town, 1949
  • Crooked house, 1949, norsk Morder i huset, 1974
  • A Murder is Announced, 1950, norsk Invitasjon til mord, 1962
  • Three blind mice and other stories, 1950, norsk Tre blinde mus og andre historier , 1980?
  • They Came To Baghdad, 1951, norsk De kom til Bagdad, 1976
  • They do it with mirrors, 1952, norsk Lek med speil, 1955
  • Mrs. McGinty's dead, 1952, norsk Fru McGinty er død, 1953
  • After the funeral, 1953], norsk Etter begravelsen, 1954
  • A pocket full of rye, 1953, norsk Sort knekt, 1957
  • Destination unknown, 1954, også So Many Steps to Death, norsk Mot ukjent mål, 1956
  • Hickory, Dickory, Dock, 1955, norsk Huset i Hickory Road, 1975
  • 4.50 from Paddington, 1957, også What Mrs. McGillicuddy Saw!, Murder She Said, norsk 4.50 fra Paddington, 1959
  • Ordeal by innocence, 1958, norsk Døde spor, 1960
  • Cat among the pigeons, 1959, norsk Katt i dueslaget, 1961
  • The adventure of the Christmas pudding, 1960, norsk Den mystiske plumpudding, 1977
  • The Pale Horse, 1961, norsk Den fjerde rytter, 1963
  • The mirror crack'd from side to side, 1962, norsk Mord som medisin, 1974
  • The Clocks, 1963, norsk Klokkene, 1966
  • A Caribbean mystery, 1964, norsk Mysterium i Vestindia, 1968
  • At Bertram's Hotel, 1965, norsk Den forsvunne domprost, 1969
  • Third girl, 1966, norsk Den tredje piken , 1974
  • Endless night, 1967, norsk Evig natt, 1968
  • By the pricking of my thumbs, 1968, norsk Gammel dame forsvinner, 1970
  • Hallowe'en party, 1969, norsk Barneselskapet, 1971
  • Passenger to Frankfurt, 1970
  • Nemesis, 1971, norsk Nemesis, 1972
  • Elephants Can Remember, 1972, norsk Elefanter glemmer ikke, 1973
  • Poirot's early cases, 1974, norsk Poirot løser gåten, 1975
  • Postern of fate, 1974, norsk Gamle synder ruster ikke, 1983
  • Curtain: Hercule Poirot's Last Case, 1975, norsk Teppet faller, 1976
  • Sleeping murder, 1976, norsk Miss Marples siste sak, 1977
  • Miss Marple's Final Cases, 1979
  • Problem at Pollensa Bay and other stories, 1991, norsk Problemer i Pollensa og andre historier, 1993
  • While the light lasts, 1997, norsk Før lyset faller og andre historier, 1999

Skodespel

  • Black Coffee, 1930, norsk Svart kaffe : et nytt Hercule Poirot-mysterium, omarbeidd frå det opphavlege teaterstykket av Charles Osborne
  • The Mousetrap, 1950
  • The rats, norsk Rottene, 199?

Som Mary Westmacott

  • Giant's bread, 1930, norsk Fremtidens toner, 1990
  • Unfinished Portrait, 1934
  • Absent in the Spring, 1944
  • The Rose and the Yew Tree, 1948
  • A daughter's a daughter, 1952, norsk En datter er en datter, 1971, For Sarahs skyld, 1985
  • The burden, 1956, norsk Skyld, 1965

Andre verk

  • The Road of Dreams, dikt, 1924
  • Come, Tell Me How You Live, reiseskildring/sjølvbiografi, 1946
  • Star over Betlehem, 1965, (som Agatha Christie Mallowan), dikt og barneforteljingar, ill. av Elsie Wrigley, norsk Betlehems stjerne, 1966
  • Poems, dikt, 1973
  • An Autobiography, sjølvbiografi, 1977

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Agatha Christie ForfattarskapAgatha Christie VerkAgatha Christie KjelderAgatha Christie BakgrunnsstoffAgatha Christie12. januar15. september18901976EnglandForfattarHercule PoirotKrimLøyndenamnMiss Marple

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Eurovision Song Contest 2003Elizabeth II av StorbritanniaRumpetrollSgt. Pepper’s Lonely Hearts Club BandTerje RypdalHistorieMiddelhavetTrillebårJohann Sebastian BachNaruhito av JapanHydrogenDen gamle verdaBietarVarmekapasitetLand i Eurovision Song ContestLincoln EllsworthBarndomsminne frå NordlandEstisk litteraturGunnhild SundliKanye WestHerøy kommune i Møre og RomsdalSusanne SundførHaikuSelda EkizØresundbruaBarentshavet7. aprilSang til BergenIALA maritime bøyesystemSørpolenFacesDei fire årstideneSigmaAsker kommuneBjørn TomrenGrevinnen og hovmesterenIhosvany HernándezNasaretNorsk litteraturSjiaislamOljekrisa i 1973Haakon VII av NoregDavid GuettaROBEKVipeKrøllparentesNanometerOdilon RedonDen norsk-russiske grensaOrmarHåkon BrusveenFonografPeter Wessel TordenskjoldEgil OlsenErik SegerstedtNepalJulius Robert von MayerMorten SandøyPedro I av BrasilÅBoz BurrellJohnny «Guitar» WatsonDen russisk-ortodokse kyrkjaAnalgetikaTormod KnutsenUniversity of WaikatoPaul KrugmanRune GjeldnesGdańsk14. aprilEric BurdonFuglar etter klassifiseringKamferAmy WinehouseSachsenKnut Marius Djupvik🡆 More