Pippi Langstrømpe (svensk Pippi Långstrump), er ein av Astrid Lindgrens mest omtykte litterære figurar.
Bøkene om denne merklege jenta og venene hennar, Tommy og Annika, er omsette til 57 ulike språk.
Pippi (Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusmynta Efraimsdatter Langstrømpe) er ei uvanleg jente, og særleg på 1940-talet, då bøkene kom ut. Ho er verdas sterkaste, har frekner og raude fletter som står rett ut, seier vaksne imot og er uoppdregen, bur i eit hus kalla Villa Villekulla saman med den prikkete hesten sin Lilla gubben og apekatten sin, Herr Nilsson. Ho et krumelurpiller, mor hennar er i himmelen og far hennar er konge på ei sørhavsøy og ho har ei veske full med gullpengar.
Vinteren 1941 låg sjuåringen Karin Lindgren, sjuk med lungebetennelse og ho bad mor si fortelje ei historie om «Pippi Långstrump». Jenta hadde ei fantasifull mor som byrja å fortelje, og i den følgjande tida voks forteljingane og kom til å more både dottera og venene hennar, men det tok ei tid før historiene vart skrivne ned. Det var først tre år seinare, då Astrid Lindgren hadde vrikka foten, at ho sette seg ned og skreiv ned historiene, tenkt som ei fødselsdagsgåve på tiårsdagen åt dottera.
Ho sende likevel manuset inn til Bonniers förlag, men det vart refusert. Eit år seinare sende ho det inn til ei barneboktevling som Rabén & Sjögren arrangerte og vann førstepremien. Bøkene om Pippi Langstrømpe vart illustrerte av Ingrid Vang Nyman.
I Olle Hellbom sine filmar vert Pippi spelt av Inger Nilsson.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pippi Langstrømpe, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.