Mauser Modell 98 er det mest kjende av alle tyske gevær.
Det er ei fem skots repetér-rifle med bolt-sluttstykke og fast innebygd magasin. Det var standardgevær i den tyske hæren i første verdskrigen, så i Reichswehr etter denne, og i karabin-utgåve i andre verdskrigen. Det tyske standardkaliberet var 8x57 mm med tilføyinga IS.
Våpenet vart innført i den tyske hæren i 1898. Ti år seinare kom ei noko kortare utgåve. Mauser-konstruksjonen er svært robust og god, og vart eit førebilete for mange andre. Geværet vart produsert i masseomfang i om lag femti år, og vart bruka over mesta heile verda. Så mykje som 100 millionar eksemplar kan ha vorte produserte. Enno i dag er variantar i bruk, først og fremst som sivile pålitelege jaktgevær.
Dei viktigaste versjonane:
Mauser-gevær vart produserte på lisens i ei rekkje land, blant dei Sverige, Spania, Iran og Chile. Dei skil seg mest i kaliber.
I Noreg vart etterlatne Mauser-karabinar bruka i Hæren og særleg i Heimevernet etter okkupasjonen var over. Desse våpna fekk etter kvart nye løp i kaliber 7,62x63 mm (.30-06), som var det daverande amerikanske standard-kaliberet. Kongsberg Våpenfabrikk laga òg eigne versjonar, som vart bruka som skarpskyttargevær i militæret og som skyttarlagsvåpen. I det siste tilfellet i kaliber 6,5x55 mm.
Først og fremst tysk wikipedia, art. K98k.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mauser-rifle M98, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.