12°58′N 77°34′E / 12.967°N 77.567°E / 12.967; 77.567
Bengaluru/Bangalore ಬೆಂಗಳೂರು | |||
by | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Stat | Karnataka | ||
Region | Bayaluseemē | ||
Distrikt | Bangalore Urban | ||
Høgd | 920 m | ||
Areal | 1 276 km² | ||
Folketal | 9 645 551 (2011) | ||
Grunnlagd | 1537 | ||
Tidssone | IST (UTC+5:30) | ||
Postnummer | 560 xxx | ||
Bangalore 12°58′45″N 77°35′29″E / 12.9791198°N 77.5912997°E | |||
Wiki Commons: Bangalore | |||
Nettstad: bbmp.gov.in | |||
Bangalore eller Bengaluru (kannada ಬೆಂಗಳೂರು, Bengalūru), er delstatshovudstad i Karnataka i India. Han er ein av dei største byane i India med 8 425 970 innbyggjar. Byen er kjend som eit sentrum for indisk IT-industri, og huser mange fleirnasjonale føretak innan bransjen. Bangalore ha også ei rekkje parkar, og er innan India også kjend som «hagebyen».
Den noverande byen blei grunnlagd av Kempe Gowda i 1537. Bangalore høyrde til Mysorestaten under Britisk India, og var fødestaden til Tippu Sultan, «tigeren frå Mysore», som stod hardt imot britane.
Bangalore ligg rundt 950 moh., og har eit behageleg klima med relativt kjølige somrar (middeltemperatur rundt 34 °C) og milde vintrar (sjeldan under 16 °C). Byen ligg ved Kaverielva, som står for størstedelen av vasstilførselen hit. Den årlege nedbørsmengda på rundt 914 mm er ikkje tilstrekkeleg.
Byen har vegsamband til storbyane Mumbai og Chennai gjennom nord-sør-sambandet Varanasi-Kanniyakumari National Highway, og til Mysore og vidare til Kerala. Han har togsamband til Chennai og vidare til Vest- og Nord-India. Hindustan Airport ligg 8 km aust for byen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bangalore, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.