Musvåk: Art av haukefuglar

Musvåk (Buteo buteo) er ein mellomstor rovfugl i haukefamilien.

Musvåk
Ungfuglar har mørke og lyse striper i lengdretning.[1] Foto frå Skottland Foto: Mark Medcalf
Ungfuglar har mørke og lyse striper i lengdretning. Foto frå Skottland
Foto: Mark Medcalf
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av Musvåk
Utbreiinga av Musvåk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Buteo
Art: Musvåk B. buteo
Vitskapleg namn
Buteo buteo

Han hekkar over heile Europa og austover til Sentral-Asia. Han har fråvære frå Island, nordlegaste Fennoskandia og nordlegaste Russland. Spesielt dei austlege populasjonane er trekkfuglar. Største overvintringsområde ligg i sørlege Afrika, men delar av Anatolia til Levanten og fleire andre små område i Europa, Afrika og Asia blir brukte av trekkfuglbestandar.

Skildring

Musvåk: Skildring, Kjelder, Bakgrunnsstoff 
Musvåk i flukt
Foto: Juan Lacruz
Musvåk: Skildring, Kjelder, Bakgrunnsstoff 
Muvåk i flukt i Skottland
Foto: Walter Baxter
Musvåk: Skildring, Kjelder, Bakgrunnsstoff 
Musvåkegg

Musvåken måler mellom 40 og 56 centimeter i kroppslengd med vengespenn på 109-136 cm og ein kroppsmasse på ca. 430-1360 gram, noko som gjer han til ein mellomstor rovfugl.

Denne breivenga rovfuglen har eit stort utval av fjørdrakter varierande med alder, underart og geografi, og i Europa kan han forvekslast med liknande artar som fjellvåk og vepsevåk i flukt. Begge har mykje lik fluktprofil og fjørdrakter som liknar musvåken sin fjørdrakt. Alle desse artane har glideflukt der dei utnyttar termikk for å vinne høgd. Musvåken 'stiller' ikkje så mykje som fjellvåk. I flukt har musvåken litt tydelegare vinkel i vengknoken enn vepsevåk, men ikkje så mykje som fjellvåken.

Nominatforma av musvåk har ein mørk og ein lys morf, sistnemnde kan verke nær kvit. Draktene blir mørkare med aukande alder og kan elles skildrast med varierande mengd av farger i brunt, svart og kvitt. Ei fullmoden fjørdrakt for musvåk kan typisk vere mørk brun på oversida med lysare underside og svake eller uklåre tverrstriper.

Nominatforma i Europa er ikkje langdistanseflyttfugl, mange fuglar som hekkar lengst nord, som i Skandinavia, trekker sørover i Europa om vinteren. Fuglar som hekkar i Sør-Europa kan vere standfuglar eller røre seg lite etter årstidene.

Blant fleire underartar er det ein som skil seg, B. b. vulpinus. Denne blir kalla russevåk i Noreg. Han hekkar frå Finland og Aust-Europa, austover til Sentral-Asia, inkludert vestlegaste Mongolia og Kina. Russevåk er ein langdistanseflyttfugl, og overvintrar i Afrika og India. Han er mindre enn nominatforma og meir raudleg i fjørdrakta.

Åtferd

Musvåken hekkar i skogsområde, vanlegvis i utkantane, og favoriserer jakt over ope land. Som ein stor opportunist tilpassar seg godt til ein variert diett. Han føretrekk pattedyr som byttedyr, og finn fram til åtsel. Blant pattedyr blir gnagarar brukt, inkludert kaninar og markmus. Om tilgangen på pattedyr er dårleg, vil dei jakte fuglar, nokre gonger så store fuglar som byduer, vaktlar, fasanar og tårnugler. Han kan ofte sjåast over nypløgde marker på jakt etter meitemark og insekt. Andre byttedyr er artar av slangar og små reptil.

Musvåkar dannar normalt ikkje flokkar, men fleire kan sjåast saman under trekk eller i gode habitat. I nokre sjeldne tilfelle kan opptil 20 musvåkar oppdagast i eitt område, ca. 30 meter frå kvarandre, det kan vere fuglar utan partnar eller utan territorium.

Lætet er eit høgt jamrande «piijæh» med snøgt fallande styrke, oftast frå fuglar i flukt.

Den globale populasjonen er estimert til å ligge mellom 21 og 37 millionar individ og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Musvåk: Skildring, Kjelder, Bakgrunnsstoff  Commons har multimedium som gjeld: Musvåk

Tags:

Musvåk SkildringMusvåk KjelderMusvåk BakgrunnsstoffMusvåkAfrikaAnatoliaAsiaEuropaFennoskandiaHaukefamilienIslandLevantenRovfuglRusslandSentral-AsiaTrekkfugl

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Roger McGuinnSeljeEtnisk nasjonalismeOrbitalSax-a-boomBente KahanLittle WalterKulturindustrienVevdesignIsJesusDanmarkThorleif HaugVestleg kampkunstCharlène av MonacoJacob Tullin ThamsØlenIslandTuonelaProduksjonRimSilje NordnesOrKanye WestMaiken Caspersen FallaOppland fylkeAlfred MaurstadMarikkenWattensIngrid FiskaaLohengrin sjokoladeÍpirosBerlinblokadenSang til BergenTimeglasVan der VeenstraumenElektrostatisk generatorSentral-TzoumérkaLufttrykkApeHotel Union ØyeTidslinje over norsk historieKristin ClemetVimmerby kommunFinding DoryHumleStøytionisasjonEspen Barth EideThesprotíaJordbruksrevolusjonenGraham NashKirgisistanMaud av NoregWilliam OrpenKvigeHundAnatolij FirsovTatjana TomasjovaKattTilsynelatande storleiksklasseParadise and LunchJerry DouglasJohn ScofieldEmmelie de ForestTrøndelag fylkeSamvirkelagA Touch of ClassNynorskdagenWehrmachtHovudsideDet skeive tårnet i PisaSlave🡆 More