Fasanar er ei gruppe av fuglar i den biologiske familien Phasianidae med fellesnamnet «fasan» på norsk.
Det finst ca. 44 artar i 14 slekter med fellesnamnet. Dette er fuglar prega av sterk kjønnsdimorfisme, hannar er mykje iaugefallande med klåre farger og utsmykningar som hudlappar og lange halar. Hannen er vanlegvis større enn hoene med lengre halar, dei bidreg ikkje i omsut for kyllingane. Fasanar er frøetarar og et òg noko insekt.
Den mest kjende er arten er fasan, Phasianus colchicus, er no utbreidd over heile verda, innført som jaktfugl med forvilla populasjonar og i fjørfedrift. Diverse andre fasanartar er populære i fangenskap, slik som gullfasan, Chrysolophus pictus.
Artar
Fasanar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå desember 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Lista tar med alle slekter i taksonet Phasianinae (underfamilie) etter Wikispecies og inneheld òg påfuglar og hanar i slekta Gallus.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fasanar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses. ®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.