Fasanfamilien, vitskapleg namn Phasianidae, er ein biologisk familie av fuglar som samlar fasanar, rapphøner, arten jungelhane, som er rekna som stamfar for tamhøns, vaktlar, frankolinar, påfugl, skogshøns og kalkunar.
Fasanfamilien | |
Fasanar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Fasanfamilien Phasianidae Horsfield, 1821 |
Familien har om lag 175 artar fordelt på 45 slekter. Fasan er innført til Noreg som jaktfugl, andre artar i Noreg er rapphøne, vaktel og fleire skogshøns.
Fasanar og påfuglar, unntatt kongopåfugl, har utbreiing avgrensa til Asia. Rapphøner og vaktlar har ein mykje vidare distribusjon. Innanfor sitt utbreiingsområde i Eurasia, Afrika og Australia okkuperer dei nesten alle tilgjengelege habitat unntatt boreal skog og tundra. Ville kalkunar har leveområde i Nord-Amerika og Mellom-Amerika og skogshøns held til i tempererte og subarktiske område på den nordlege halvkula, inkluder Nord-Amerika. Det største mangfaldet av artar i denne familien finn ein i Søraust-Asia og Afrika.
Fuglar i familien er generelt standfuglar, unntaka er nokre vaktlar som gjer lange fugletrekk. Fleire artar i familien har vore mykje innførte rundt om i verda, særleg fasanar som har vorte innførte til Europa, Australia og Amerika. Bestandar av tamme påfuglar og høns har òg rømt og vorte forvilla.
Fuglar i denne familien er bakkelevande artar. I storleik varierer dei frå 43 gram i tilfellet med asiablåvaktel, til 6 kg for indiapåfugl og 6,5 kg for storfugl. Det er generelt kjønnsdimorfisme i storleik, hannfuglar tenderer til å vere større enn hoene. Dei er generelt kraftige i kroppsbygging, med breie, relativt korte venger og sterke bein. Mange, men ikkje alle har ein spore på beina, ein funksjon delt med perlehøns, men ingen andre i ordenen hønsefuglar. Nebbet er kort og generelt sterk, særleg hos artar som grev for å skaffe mat. Hannar av dei større artane har ofte fargerik fjørdrakt og dessutan fargerike andlet som kan ha kjøttfulle hudlappar.
Fasanar og rapphøner har eit variert kosthald, med føde henta frå reine vegetariske kjelder som frø, blad, frukt, knollar og røter, til smådyr, som insekt, insektlarver og sjølv små krypdyr. Dei fleste artane i familien er anten spesialistar på føde frå plantemateriale eller dei er predatorar, men ungane til dei fleste artane er insektetande.
I tillegg til variasjonen i kosten er det ein betydeleg variasjon i hekkestrategiar blant Phasianidae. Samanlikna med fuglar generelt er det ei stor mengd artar som praktiserer polygami, men frankolinar i Afrika, nokre rapphøns og lirype kan vere monogame. Reiret blir vanlegvis bygd på bakken, berre fasanar i slekta Tragopan hekkar litt opp i buskar. Reiret kan variere frå konstruksjonar av vegetasjon til små senkingar i bakken. Kullet kan vere på opptil 18 egg , men 7–12 er meir vanleg, med mindre tal hos tropiske artar. Ruginga blir nesten alltid utført av hoa aleine, rugetida er 14–30 dagar avhengig av art.
Fleire artar av fasan og rapphøne er ekstremt viktig for menneske. Jungelhane, Gallus gallus i Søraust-Asia er den ville stamfaren til tamhøns, den viktigaste fuglen i landbruket. Arten fasan, fleire rapphøner, vaktel artar og nokre frankolinar har vorte allment innført og blir forvalta som fuglevilt for jakt. Fleire artar er truga av menneskelege aktivitetar.
Fasanfamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Slekt Alectoris
Slekt Lerwa
Slekt Tetraophasis
Slekt Tetraogallus
Frankolinar med 40 artar i ei slekt Slekt Ammoperdix
Slekt Perdix
Slekt Rhizothera
Slekt Margaroperdix
Slekt Melanoperdix
Vaktlar 13 artar i 3 slekter Slekt Xenoperdix
Slekt Arborophila
| Slekt Caloperdix
Slekt Haematortyx
Slekt Rollulus
Slekt Bambusicola
Slekt Galloperdix
Fasanar og påfuglar ca. 50 artar over 16 slekter Skogshøns med slektene Tetrao, Bonasa, Centrocercus, Falcipennis, Lagopus, Dendragapus, Tympanuchus Slekt Meleagris
|
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fasanfamilien, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.