Vimmerby kommune ligg i det svenske lenet (fylket) Kalmar län i landskapet Småland.
Administrasjonssenter i kommunen er Vimmerby.
Vimmerby kommun | |||
kommune | |||
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Kalmar län | ||
Landskap | Småland | ||
Del av | Småland, Q10718035, Q61388062 | ||
Areal | 1 219,8 km² | ||
- land | 1 140,23 km² | ||
- vatn | 79,57 km² | ||
Folketal | 15 408 | ||
Vimmerby kommun 57°40′00″N 15°51′00″E / 57.666666666667°N 15.85°E | |||
| |||
Wiki Commons: Vimmerby Municipality | |||
Kommunen ligg i den nordvestre delen av lenet og har ei stor turistnæring på grunn av Astrid Lindgrens Värld som trekkjer til seg fleire hundretusen vitjande kvart år. Vimmerby kommune grensar til Västervik kommune i aust, Oskarshamn kommune i søraust, Hultsfred kommune i sør, Eksjö kommune i sørvest, Ydre kommune i vest og Kinda kommune i nord.
Ved kommunereforma i Sverige i 1952 vart følgjande storkommunar danna:
Vimmerby kommune vart danna 1. januar 1971 gjennom samanslåing av byen Vimmerby og kommunane Sevede, Södra Vi og Tuna, samt Locknevi forsamling frå den oppløyste Locknevi landkommune.
Vimmerby kommune har åtte tettstader. Tabellen med innbyggjarar per 31. desember 2006. Kommunens administrasjonssenter i feit stil.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1 | Vimmerby | 7 866 |
2 | Södra Vi | 1 182 |
3 | Storebro | 974 |
4 | Gullringen | 567 |
5 | Frödinge | 379 |
6 | Djursdala | 243 |
7 | Tuna | 240 |
8 | Rumskulla | 200 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vimmerby kommun, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.