Ingolf Mork (4.
juni">4. juni 1947–1. februar 2012) i Molde var ein norsk skihoppar, tenestemann og gardbrukar frå Molde. I unge år tevla han for Idrettslaget Hjelset-Fram, seinare for Ski- og fotballklubben Lyn. Hans største bragd var samanlagtsigeren i den tysk-austerrikske hoppveka i 1972. Likevel imponerte han meir i hoppveka året før, då han vann tre av dei fire renna. Men sidan han fall i eit av hoppa i Innsbruck enda han på andreplassen samanlagt. Han vart noregsmeister i normalbakken både i 1971 og 1972.
Ingolf Mork | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. juni 1947 Molde kommune |
Død | 1. februar 2012 (64 år) |
Yrke | skihoppar |
Høgd | 177 centimeter |
Mork studerte på Norges idrettshøgskole i Oslo på 1970-talet. Sidan arbeidde han mange år i kultur- og idrettsetaten i Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter han slutta i fylkeskommunen dreiv han som sauebonde på Hjelset.
Mork vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1973, samstundes med Franz Keller frå Vest-Tyskland og Einar Bergsland. Etter den sesongen la han opp.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ingolf Mork, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.