Olsenbanden er ein norsk filmserie på totalt 14 filmar som handlar om dei tre kjeltringane Egon Olsen, Benny Fransen og Kjell Jensen.
Filmane er komediar og skildrar banden sine mange feilslåtte forsøk på kupp.
Regi | Knut Bohwim Ove Kant Knut Andersen | ||
---|---|---|---|
Basert på | Olsen-Banden (dansk filmserie) | ||
Hovudrolle(r) | Arve Opsahl Sverre Holm Carsten Byhring | ||
Produksjonsselskap | Teamfilm AS (film nr. 1-13) Nordisk Film og TV2 Norge (film nr. 14) | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Sjanger | ransfilm |
Dei 13 fyrste filmane vart produsert av det private produsjonsselskapet Teamfilm AS, medan den siste filmen vart produsert av Nordisk Film og TV2 Norge. Knut Bohwim regisserte tolv av filmane, medan Ove Kant og Knut Andersen regisserte høvesvis Olsenbanden og Dynamitt-Harry og Olsenbandens siste bedrifter.
Den fyrste filmen, Olsenbanden - Operasjon Egon, var av ein meir erotisk karakter enn filmane som kom seinare i filmserien, og fekk difor óg ei høgare aldersgrense. På tross av dette vart filmen ein suksess blant publikum, og den vart sett av 523 000 nordmenn på kino. Filmen er basert på den danske originalversjonen Olsen-Banden frå 1968, og baserar seg på manusskriptet av Erik Balling og Henning Bahs.
Knut Bohwim fekk sjå den danske originalfilmen Olsen-Banden gjennom ein bekjent som jobba i distributøren av Nordisk Film sine norske filmar. Etter å ha sett den danske filmen meinte Bohwim at den ikkje ville slå ann i Noreg utan at ein spelte den inn på nytt, med norske skodespelarar. Bohwim og Teamfilm tok difor kontakt med Nordisk Film og fekk ein avtale der dei kunne laga ei nyinnspeling med norske skodespelarar.
Innspelinga av Olsenbanden - Operasjon Egon byrja i midten av mai 1969 og filmen hadde premiere berre tre månader seinare, i august.
År | Regissør | Manusforfattar | Produsent | Basert på | Antal besøkande på kino | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1969 | Olsenbanden - Operasjon Egon | Knut Bohwim | Teamfilm | 523 000 | 385 000 NOK | 3 200 000 NOK | ||
1970 | Olsenbanden og Dynamitt-Harry | Ove Kant | ||||||
1972 | Olsenbanden tar gull | Knut Bohwim | ||||||
1973 | Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok | |||||||
1974 | Olsenbanden møter Kongen & Knekten | |||||||
1975 | Olsenbandens siste bedrifter | Knut Andersen | ||||||
1976 | Olsenbanden for full musikk | Knut Bohwim | ||||||
1977 | Olsenbanden og Dynamitt-Harry på sporet | |||||||
1978 | Olsenbanden og Data-Harry sprenger verdensbanken | 271 777 | ||||||
1979 | Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder | 303 884 | ||||||
1981 | Olsenbanden gir seg aldri! | 243 749 | ||||||
1982 | Olsenbandens aller siste kupp! | |||||||
1984 | ... men Olsenbanden var ikke død! | |||||||
1999 | Olsenbandens siste stikk | Nordisk Film og TV2 Norge | 324 467 | 17 085 000 NOK |
Liste over alle karakterane som har tre eller fleire framsyningar i filmserien.
Film | ||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 Operasjon Egon | 2 og Dynamitt-Harry | 3 tar gull | 4 og Dynamitt-Harry går amok | 5 møter Kongen & Knekten | 6 siste bedrifter | 7 for full musikk | 8 og Dynamitt-Harry på sport | 9 og Data-Harry sprenger verdensbanken | 10 og Dynamitt-Harry mot nye høyder | 11 gir seg aldri! | 12 aller siste kupp! | 13 ... men Olsenbanden var ikke død! | 14 siste stikk | |
Egon Olsen | Arve Opsahl | |||||||||||||
Benny Hansen | Sverre Holm | |||||||||||||
Kjell Jensen | Carsten Byhring | |||||||||||||
Valborg Jensen | Aud Schønemann | |||||||||||||
Dynamitt-Harry | Harald Heide-Steen jr. | Harald Heide-Steen jr. | Harald Heide-Steen jr. | Harald Heide-Steen jr. | ||||||||||
Basse Jensen | Pål Johannessen | Pål Johannessen | ||||||||||||
Kriminalbetjent Hermansen | Sverre Wilberg | Sverre Wilberg | ||||||||||||
Kriminalassistent Holm | Øivind Blunck | Anders Hatlo | ||||||||||||
Konstabel Blom | Oddbjørn Hesjevoll | Ulf Wengård | Ulf Wengård | |||||||||||
Biffen | Torgils Moe | Torgils Moe | Ove Verner Hansen | Ove Verner Hansen | Ove Verner Hansen | |||||||||
Kongen | Henki Kolstad | Henki Kolstad | Henki Kolstad | Henki Kolstad | ||||||||||
Kriminalsjef | Georg Richter | Wilfred Breistrand | Wilfred Breistrand |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Filmserien Olsenbanden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.