Svenska skidspelen er eit skiidrettsarrangement som kvar vinter vert avvikla ein stad i Sverige, dei siste tiåra fast i Falun.
Svenska skidspelen vart fyrste gongen arrangert i Sundsvall i 1947. Arrangementet omfatta i mange år tevlingar i langrenn, kombinert og skihopping. Kombinert-øvinga vart arrangert siste gongen i 1999 og spesielt hopprenn sist i 2002. Sidan 2003 har langrenn vore einaste tevlingsform.
Tidlegare har fleire andre idrettar vore del av Svenska skidspelen. Åra 1950-53 var det renn i alpine greiner, arrangert i Åre, og skiskyting i 1984. I 1986 gjekk VM i skiskyting for kvinner som ein del av Svenska skidspelen. I 1987 og 1988 stod skiorientering på programmet. Vasaloppet var ein del av Svenska skidspelen i 1952.
Sidan verdscupen i nordiske greiner vart innført på 1970- og 80-talet, har renna i Svenska skidspelen tald med i desse turneringane. Ski-VM vart arrangert i Falun i 1954, 1974 og 1993, alle desse meisterskapane høyrer med i Svenska skidspelens historie. I 1980 var 20 km langrenn for kvinner under Svenska skidspelen VM-øving, då denne øvinga ikkje var del av OL-programmet i Vinter-OL 1980 i Lake Placid.
Svenska skidspelen vert organisert av aksjeselskapet Svenska Skidspelen AB. Dette aksjeselskapet er heileigd av Föreningen Svenska Skidspelen, som består av 11 svenske idrettslag.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svenska skidspelen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.