Indiahavet: Verdshav

Indiahavet er det tredje største verdshavet.

Det grensar til Stillehavet, som er det største, til Atlanterhavet, som er det nest største, og til Sørishavet. Indiahavet grensar mot landområde i Afrika, Asia og Australia.

Indiahavet: Utstrekking, Klima, Næring

Utstrekking

Havet har ei flatevidd på 68 556 millionar km², og dekker om lag ein femtedel av havflata i verda. Det «mista» ein del i år 2000, då det internasjonale hydrogafilaget tok avgjerda om at Sørishavet skulle nå heilt opp til den 60. sørlege lengdegrada.

Klima

To monsunar oppstår over Indiahavet. Nordaustmonsunen dekker Sri Lanka og sør-India og varer frå desember til april. Sørvestmonsunen frå juni til oktober dekker resten av det indiske subkontinentet.

Syklonar oppstår nord i havet i mai-juni og oktober-november, og i januar-februar i den sørlege delen.

Næring

Havet er ei viktig handelsrute for skipsfarten mellom verdsdelane. Ein driv fiske i nær sagt alle kystområda. Rundt 40 % av all havolje kjem frå Indiahavet.

På same måte som Middelhavet har Indiahavet bunde saman landområda som ligg rundt det, sjølv om dei ligg langt frå kvarandre. På grunn av dette vil ein mellom anna finna indisk og arabisk preg på språk og musikk i Aust-Afrika og spor etter afrikansk innvandring i India.

Fire viktige vassvegar gjer tilgang til havet: den egyptiske Suezkanalen, Bab el Mandeb utanfor Yemen og Djibouti, Hormuzstredet mellom Iran og Oman, og Malakkasundet mellom Indonesia og Malaysia.

Indiahavet: Utstrekking, Klima, Næring 
Hamna i Madras, 1895

Viktige hamner:

Namn

Indiahavet har fått namn etter India, som igjen har fått namnet frå Induselva, som renn ut i havet.

Tags:

Indiahavet UtstrekkingIndiahavet KlimaIndiahavet NæringIndiahavet NamnIndiahavetAfrikaAsiaAtlanterhavetAustraliaStillehavetSørishavetVerdshav

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NormandieMogopRundeNæringslivets HovedorganisasjonBunadSosialistisk VenstrepartiSøppelHellasKloningAndVulkanar i ItaliaProvinsar i OmanVallonskEmmanuel MacronSosialismeUkrainaAlevtina KoltsjinaAuld Lang SyneDen sosialistiske føderale republikken JugoslaviaDynemarihandPetra MedeIbaraki prefekturHappy HumanPliktetikkMarikkenFritt frambyggbruGuvernement i OmanSkalBlodZaniar MatapourGene ClarkKina-regionenLand i Eurovision Song ContestFøydalismePrositCiceroElectrolux AssistentSulfatDet greske flagget5Det svenske flaggetPannemerke i hinduismenWikimediaBob DylanMosesAlbengaThe DoorsAitikgruvaBrennverdiURLSjøroseAnders Behring BreivikOpiumBBC AmericaJektvika i RødøyTrekanthandelNasjonaldrikkFredrikstad kommuneNordfjordeidSprinterneDen siste istidaCarola HäggkvistVik kommuneCarl von LinnéKalebassAngloamerikanskABBANår vi døde vågnerFillfjordenKristian ØdegårdEmmerHardingfeleStryn Turn & IdrettslagNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1990🡆 More