Desember er den tolvte og siste månaden i den julianske og gregorianske kalenderen.
Namnet kjem frå latin decem, ‘ti’, ettersom han opphavleg var den tiande månaden i det romerske året.
På den nordlege halvkula fell vintersolkverv, den mørkaste dagen i året, i desember. Det finst ei rekkje ulike lys- og festtradisjonar som motvekt til vintermørket. Desse er ofte knytt til ulike juletradisjonar. Desemberdagane før jul vert kalla advent innan kristendommen, og vert markerte på ulike måtar.
Denne månaden feirar ein mellom anna St. Nikolaus sin festdag den 6. desember, luciadagen den 13. desember, julaftan og juledag den 24. og 25. desember og nyttårsaftan den 31. desember.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Desember, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.